Wyspa Sobieszewska
Hopp til navigering
Hopp til søk
Wyspa Sobieszewska | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Stad | Austersjøen |
Koordinatar | Koordinatar:
|
Areal | 34,3 km²
|
Administrasjon | |
Land | Polen |
Største busetnad | Gdansk
|
Demografi | |
Folketal | 3570 |
Folketettleik | 104 /km² |
Wyspa Sobieszewska er ei øy i Austersjøen mellom Gdańskbukta og deltaet til elva Wisła i Polen. Øya er ein del av byen Gdańsk.
Nord for øya ligg Gdańskbukta, medan ei grein av Wisła kalla Leniwka renn i sør. Den vestlege grensa vart danna i 1840 under ein flaum som skapte eit nytt elvefar for Wisła kalla Śmiała Wisła. Den austlege grensa vart grave ut i 1895 som eit nytt og kunstig elvefar for Wisła kalla Przekop Wisły.
I Górki Wschodnie ligg eit fuglereservat og eit senter for forsking på fuglar.
Wyspa Sobieszewo er ein av 30 bydelar i Gdańsk.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Sobieszewo Island» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2008.