Xing Huina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Xing Huina
Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 25. februar 1984 (40 år)
Weifang
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Asialeikene 2002

Xing Huina (fødd 25. februar 1984) er ein kinesisk tidlegare langdistanseløpar som i 2004 vart olympisk meister på 10 000 meter under Sommar-OL i Aten.

Xing sette juniorverdsrekord på 10 000 m då ho VM-debuterte i Paris i 2003, den gode tida 30.31,5 heldt likevel ikkje til betre enn ein sjuandeplass i løpet. Ho deltok også på 5 000 meter, men var eit godt stykke unna å kvalifisere seg til finalen. Under Sommar-OL 2004 i Aten vart Xing nummer ni på 5 000 meter. Fire dagar seinare overraska ho med å vinne den olympiske gullmedaljen på 10 000 meter framfor tre løparar frå Etiopia, hundre meter frå mål spurta ho forbi sølvvinnar Ejegayehu Dibaba og sette personleg rekord med 30.24,3.

I Friidretts-VM 2005 i Helsinki vart Xing nummer fire i milløpet, sekundet bak bronsevinnarar Ejegayehu Dibaba. Ei veke etter gjorde Xing livs fortaste 5 000 meter, med tida 14.43,6 enda ho på femteplassen i 5 000-meterløpet under den same verdsmeisterskapen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2003 i Paris: Nr 7 på 10000 m – 30.31,5. Utslått på 5000 m (15.13,5 =nr 22)
  • OL 2004 i Aten: Gullmedalje på 10000 m – 30.24,3, framom Ejegayehu Dibaba (30.24,9): Nr 9 på 5000 m – 15.07,4
  • VM 2005 i Helsinki: Nr 4 på 10000 m – 30.27,1, nr 5 på 5000 m – 14.43,6

Kjelder[endre | endre wikiteksten]