Weifang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå midtbyen i Weifang
Plasseringa av Weifang (gul) i Shandong
Weifang er den største drakeprodusenten i Kina

Weifang (kinesisk: 潍坊, pinyin: Wéifāng) er eit byprefektur i provinsen Shandong i Kina. Byprefekturet har eit areal på 15 800 km² og i nærleiken av 8,5 millionar ibuarar. Norddelen av Weifang ligg ved Bohaibukta i Gulehavet, nærare bestemt ved Laizhoubukta.

Byprefekturet Weifang omfattar fire distrikt (区 ), seks byfylke (市 shì) og to fylke (县 xiàn).

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Ein stor produsent av dieselmaskinar, Weichai, held til i byprefekturet. Landsbyen Yangjiabu i Hanting-distriktet er vide kjend for drakane som der vert laga. I 1980-åra vart ei stor safirgruve oppdaga i Changle. Gruva skal vere ei av dei fire største safirgruvene i verda, gruvefeltet dekker eit 450 km² stort område.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Jiaojibanen, ei jarnbane som strekker seg vest-aust i Shandong mellom Jinan og Qingdao, har stoppestad i Weifang. Også snøggtoget som trafikkerer mellom Qingdao og Taiyuan stansar i Weifang.

Kinas riksveg 206 går gjennom området. Han går frå kystbyen Yantai i nord, heilt sør til kystbyen Shantou i provinsen Guangdong. Vegen reiser gjennom provinsane Shandong, Jiangsu, Anhui, Jiangxi og til sist Guangdong. Også Kinas riksveg 308 passerer gjennom prefekturet. Han tek til i Qingdao og leier via Jinan til Shijiazhuang i Hebei.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Weifang var busett allereie 5 000 år fvt. Under Xia- og Shang-dynastia rådde lokale kongar over området gjennom ei lensordning. Under vår- og haustannaltida (770-476 f.Kr.) og krigarrika-tida (475-221 f.Kr.) var Weifang underlagt statane Qi og Lu. Byen Qingzhou i Weifang spela ei viktig militærhistorisk rolle. Denne lange historia har sett sine spor i Weifang, med ruinar, eldgammal arkitektur, litoglyffar og gamle statuer.

Etter Qing-dynastiets Qianlong-år har Weifang vore det nordlege motstykket til Suzhou, kva gjeld handverkskunst og brukskunst. Weifang er kjent for handlaga og maskinelt produserte drakar, nytta til leiketøy. Weifang er også Kinas største produsent av drakar. Kvart år går ein internasjonal drakefestival av stabelen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Weifang

Kjelder[endre | endre wikiteksten]