Xinhua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Inngangspartiet til hovudkontoret til Xinhua i Beijing.

Xinhua (kinesisk: 新华通讯社, pinyin: Xīn Huá tōngxùnshè; 新華通訊社 eller kort 新华社 Xīn Huá shè, norsk: Det nye Kina) er eit nyhendebyrå for regjeringa i Folkerepublikken Kina og det største av landet sine to byråer. Det andre er 中国新闻社 / 中國新聞社 Zhōngguó xīnwén shè China News Service. Xinhua vart grunnlagt i 1931 og har hovudsete i Beijing.

Xinhua har over 10 000 tilsette (2008). Det kan samanliknast med Reuters sine om lag 1300 tilsette. Byrået utgjev mellom anna ut dei kinesiske dagsavisene Dagbladet til Folket (Renmin Ribao) og Referansenyhender (Cankao Xiapxi).

Byrået utarbeider òg interne nyhenderapportar (neican) forbeholdt utvalde leiande politikarar og embetsmenn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]