Yabrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yabrud
يبرود
by
Land  Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Distrikt Yabrud-distriktet
Høgd 1 550 moh.
Koordinatar 33°58′N 36°40′E
Folketal 25 941
Retningsnummer 12
Kart
Yabrud
33°58′2″ N 36°39′26″ E
Wikimedia Commons: Yabroud

Yabrud eller Yabroud (arabisk skrift يبرود) er ein by i Syria i Rif Dimashq guvernement, kring 80 km nord for hovudstaden Damaskus. Byen er kjend for dei gamle grottene, mellom andre Iskaftagrotta (der den 30 år gamle reisande og seinare arkeologen Alfred Rust i 1930 fann viktige førhistorisk funn) og Yabrud-tempelet, som ein gong var Jupiter Yabroudis-tempelet, men vart seinare «Konstantin og Helena-katedralen». Ei av dei eldste kyrkjene i Syria står i Yabrud.[1] Den same Yabrud er sagt å ha opphavet sitt i eit arameisk ord som tyder «kald». Byen ligg i sida av Qalamunfjella (Anti-Libanonfjella) i ei høgd på 1 550 meter over havet.

Foreldra til den tidlegare presidenten av Argentina, Carlos Menem var begge fødde i Yabrud. Dei flytta til Argentina før slutten av fyrste verdskrigen. Dei arkeologiske funna frå Natufi-kulturen, Yabrud III, er kalla opp etter byen Yabrud.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]