Anti-Libanonfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 34°00′N 36°30′E
Anti-Libanonfjella
fjell
none  Hermon sett frå toppen av Bental
Hermon sett frå toppen av Bental
Land Flag of Syria.svg Syria, Flag of Lebanon.svg Libanon
Koordinatar 34°00′N 36°30′E
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Anti-Lebanon mountain range

Anti-Libanonfjella er det vestlege namnet på Den austlibanesiske fjellkjeda (arabisk جبال لبنان الشرقية), som er ei fjellkjede som går sørvest-nordaust og dannar størstedelen av grensa mellom Syria og Libanon. Grensa er i stort grad lagt langs ryggen av fjellkjeda. Det meste av fjellkjeda ligg i Syria.

Det vestlege namnet (Anti-Libanon) kjem frå det greske Anti-Libanus, der prefikset «anti» tyder ‘midt imot’. Fjellkjeda ligg aust for og parallelt (midt imotLibanonfjella. I sørenden strekkjer fjella seg inn i Golanhøgdene. I vest ligg dalar som skil fjella frå Libanonfjella sentralt i Libanon - Beqaadalen i nord og Hasbanidalen i sør. I aust, i Syria, ligg Det austlege platået der byen Damaskus ligg.

Satellittbilete av Libanon. Det snødekte området nærare kysten indikerer kvar Libanonfjella går og det snødekte område lenger inn i landet er Anti-Libanonfjella.

Anti-Libanonfjella strekkjer seg over kring 150 km. I nord strekkjer dei seg nesten til den syriske byen Homs. I sør går fjella over i Golanhøgdene, men omfattar det høgaste fjellet Hermon (Jabal el-Shaykh på arabisk), på 2 814 meter over havet, og Ta'la't Musa, på 2 669 meter over havet. Desse toppane er snødekte det meste av året og ligg på grensa mellom Libanon og Syria.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]