Guvernement i Syria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Syria er delt inn i fjorten guvernement eller muhafazat (eintal muhafazah). Guvernementa er delte inn i seksti distrikt, eller manatiq (eintal mintaqah), som vidare er delt inn i underdistrikt eller nawahi (eintal nahia). Nawahi inneheld landsbyar, som er dei minste administrative einingar.

Kvart guvernement vert styrt av ein guvernør, utpeikt av innanriksministeren og godkjend av regjeringa. Guvernøren er ansvarleg for administrasjon, helse, velferd, utdanning, turisme, offentlege arbeid, samferdsle, handel, jordbruk, industri, sivilforsvar og oppretthalde lov og orden i guvernementet. Minsteren for lokal administrasjon arbeidar tett med kvar guvernør for å koordinere og ha oversyn med utviklinga av lokale prosjekt. Guvernøren har sitt eit provinsråd, der tre fjerdedelar av medlemmane vert valde av folket for fire år om gangen, medan resten vert utpeikt av innanriksministeren og guvernøren. I tillegg har kvart råd ei utøvande avdeling på seks til ti sentralt utpeikte tenestemenn, som vert valt ut blant dei valte rådsmedlemmane. Kvar tenestemann har ansvar for spesifikke oppgåver. officer is charged with specific functions.

Distrikta og underdistrikta vert styrte av tenestemenn som vert utpeikt av guvernøren og godkjend av innanriksministeren. Desse embetsmennene arbeider med lokale saker med eit valt distriktråd og tener som mellommenn mellom det sentrale styret og tradisjonelle lokale leiarar, som landsbyhøvdingar, klanleiarar og eldreråd.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]