Yingluck Shinawatra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Yingluck Shinawatra
Yingluck Shinawatra at US Embassy, Bangkok, July 2011.jpg
Fødd 21. juni 1967

San Kamphaeng

Parti Pheu Thai

Yingluck Shinawatra (fødd 21. juni 1967 i San Kamphaen i Thailand) er ein thailandsk politikar som var statsminister i Thailand frå 2011 til 2014. Ho var den fyrste kvinnelege statsministeren Thailand har hatt.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Yingluck Shinawatra blei fødd som den yngste av ni barn i ein velståande hakkafamilie i Chiang Mai-provinsen.[1][2] Far hennar, Lert Shinawatra, var forretningsmann og parlamentsmedlem for Chiang Mai.[3] Mor hennar, Yindi Ramingwong, stamma frå kong Thammalangka av Chiang Mai.[4][5][6]

Broren til Yingluck, Thaksin Shinawatra, blei statsminister i 2001, medan ho sjølv fekk bachelorgrad frå Universitetet Chiang Mai og mastergrad frå Kentucky State University, båe i ålmenn leiing. Seinare blei ho involvert i familieverksemder som Shinawatra Directories Co. og Rainbow Media. Men i 2006 blei Thailand utsett for eit kupp av dei militære styrkane i landet og riksstyret måtte gå av. Thaksin fekk til slutt koma attende til Thailand, men gjekk ikkje beinveges attende til politikken.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

I 2011 vann Yingluck valet for Pheu Thai-partiet, og 5. august 2011 fekk ho 60 % av røystene frå underhuset og blei statsminister.

Etter massedemonstrasjonar mot regjeringa hennar i 2013 bad ho om at parlamentet skulle bli oppløyst 9. desember 2013. Dette ville føra til nyval medan Yingluck blei sitjande som mellombels statsminister.[7] Ho blei avsett 7. mai 2014 av den konstitusjonelle domstolen i landet.[8][9] Retten fann henne skuldig i maktmisbruk ved å ha avsett den nasjonale tryggleikssjefen Thawil Pliensri i 2011.[10] Etter statskuppet i Thailand i mai 2014 blei Yingluck arrestert saman med andre tidlegare regjeringsmedlemmer og partileiarar og halden i fangenskap i nokre dagar medan militæret sikra makta.

Ho blei seinare stilt for retten i samband med rolla si i den nasjonale ris-politikkomiteen. Etter å ha flykta frå landet blei ho funnen skuldig og dømd til fem år i fengsel in absentia.[11][12] Passet hennar blei kansellert av styresmaktene.[13] Seinare skal ho ha fått serbisk statsborgarskap.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kenneth Tan (5. mai 2018). «Former Thai leaders Yingluck, Thaksin visit ancestral village in Meizhou, Guangdong». 
  2. Yingluck Shinawatra (prime minister of Thailand). Encyclopædia Britannica.
  3. The Economist, Too hot for the generals, 15. juni 2011
  4. The Statesman's Yearbook 2015: The Politics, Cultures and Economies of the World. Springer. 27 December 2016. s. 1202. ISBN 978-1-349-67278-3. 
  5. Bangkok Post, Pheu Thai picks Yingluck for PM, 16. juni 2011
  6. Seth Mydans: Candidate in Thailand Follows Path of Kin. New York Times, 12. juni 2011
  7. Samuels, Lennox (9. desember 2013). «Thailand Prime Minister Yingluck Shinawatra Dissolves Parliament, Calls for Elections». The Daily Beast. Henta 18. august 2015. 
  8. «Yingluck, Pheu Thai win in a landslide». Bangkok Post. 3. juli 2011. 
  9. CNN, Talking politics with Thailand's PM, 18. desember 2008
  10. Jonathan Head. «BBC News - Thailand court ousts PM Yingluck Shinawatra». Bbc.co.uk. Henta 10. mai 2014. 
  11. McKirdy, Euan; Paranasamriddhi, Angie (27. september 2017). «Former Thai PM Yingluck sentenced to five years over rice scheme». CNN. Henta 27 September 2017. 
  12. «Yingluck trial: Thai ex-PM sentenced to five years in jail». BBC. 27. september 2017. Henta 27. september 2017. 
  13. Limited, Bangkok Post Public Company, «PM mum on Yingluck UK passport talk», bangkokpost.com, henta 8. september 2019 
  14. «Yingluck gets Serbian citizenship». Bangkok Post. 9. august 2019. Henta 9. august 2019.