Yitzhak Wittenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yitzhak Wittenberg
Statsborgarskap Litauen, Det russiske imperiet, Sovjetunionen
Fødd 1907
Vilnius
Død

16. juli 1943 (36 år)
Vilnius, Vilna Ghetto

Yrke Jewish resistance under Nazi rule
Politisk parti Polens kommunistiske parti
Medlem av Fareynigte Partizaner Organizatsye

Yitzhak Wittenberg (Leo Itzig) (190716. juli 1943) var den første leiaren for den jødiske motstandsgruppa Fareynigte Partizaner Organizatsye (FPO) i ghettoen i Vilne. I denne ghettoen hadde tyskarane samla alle jødane i byen sommaren 1941, etter åtaket på Sovjetunionen.

Wittenberg vart medlem av kommunistpartiet i ung alder. Da FPO vart skipa i ghettoen i Vilne i januar 1942, vart han vald til leiar mellom anna fordi han alt hadde erfaring med undergrunnsarbeid. Dessutan hadde han kontaktar utanfor ghettoen. Han var godt lika som leiar.

Men Wittenberg vart sviken av ein kontakt som hadde vorte tilfangeteken av tyskarane. Nazistane kravde at Judenrat i ghettoen utleverte Wittenberg. Leiaren i Judenrat, Jacob Gens, meinte FPO og motstandsarbeidet deira berre gjorde ting verre for jødane i ghettoen, og ville utlevere Wittenberg.

Wittenberg vart arrestert av litauisk politi, men væpna FPO-medlemer sette han fri att og gøymde han i ghettoen. Tyskarane truga med å utslette heile ghettoen om ikkje Wittenberg vart utlevert. Gens og mange innbyggjarar vende seg no mot FPO. Samtidig visste Wittenberg at tida ikkje var inne for ein større væpna oppstand. Dette presset førte til at Wittenberg melde seg for det jødiske ghettopolitiet, som utleverte han. Denne dagen, 16. juli 1943, vart sidan kalla «Wittenbergdagen». Wittenberg vart fengsla, og drap seg sjølv med gift i fengelset.

Ghettoen vart sidan utsletta likevel.

Kjelde:[endre | endre wikiteksten]

yadvashem.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Ein song om Yitzhak Wittenberg, frå Vilne-ghettoen Arkivert 2008-04-08 ved Wayback Machine.