Yngvar Løchen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Yngvar Løchen
Fødd 31. mai 1931
Død

28. juli 1998

Yrke professor, sosiolog

Yngvar Løchen (fødd 31. mai 1931 i Oslo, død 28. juli 1998 i Tromsø) var ein norsk sosiolog og rektor for Universitetet i Tromsø.

Etter examen artium i 1950 fekk han ein magistergrad i sosiologi 1956 på eit arbeid om flyktningar. Han vart raskt stipendiat, noko som resulterte i ein dr.philos. i 1965 ved Universitetet i Oslo. Der arbeidde han som førsteamanuensis ved sosialmedisinsk institutt frå 1965 til 1971 før han gjekk til Universitetet i Tromsø 1971 som professor og var rektor der i perioden 1977-81.[1] Løchen leidde Hovedkomiteen for norsk forsking 1974-77 og Rådet for samfunnsvitenskapelig forskming 1985-89.

Løchen var bror til filmskaparen Erik Løchen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Yngvar_Løchen» i Store norske leksikon, snl.no. i Norsk biografisk leksikon