You're a Big Boy Now av The Lovin' Spoonful
| You're a Big Boy Now Filmmusikkalbum av The Lovin' Spoonful | ||
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | Mars 1967 | |
| Sjanger | Folkrock | |
| Selskap | Kama Sutra | |
| Produsent | Erik Jacobsen | |
| The Lovin' Spoonful-kronologi | ||
|---|---|---|
| Hums of the Lovin' Spoonful (1966) |
You're a Big Boy Now | Everything Playing (1967)
|
You're a Big Boy Now er eit filmmusikkalbum av The Lovin' Spoonful, gjeve ut i 1967, med musikk frå filmen til Francis Ford Coppola med same namn. All musikken på albumet vart skriven av Spoonful-medlemmen John Sebastian, og inneheld fleire songar framført av bandet, i tillegg til instrumental musikk frå sjølve filmen.
Albumet kom ut på CD i lag med What's Up, Tiger Lily?, musikken Spoonful laga i 1967 for Woody Allen.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Songane «Darling Be Home Soon» og «You're a Big Boy Now» kom ut som singlar på Kama Sutra-etiketten. Sjølv om sjølve albumet og tittelsporet ikkje selde godt, vart «Darling Be Home Soon» ein hit og nådde 15. plassen på den amerikanske lista og åttandeplassen i Canada.
| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| Allmusic | |
Musikkritikaren William Ruhlmann skreiv om albumet «det meste av resten av musikken bestod av instrumentalar, mange i lag med eit ukjend orkester, men tittelsongen til Sebastian var òg imponerande.»[1]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle spor skrivne av John Sebastian
| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «You're a Big Boy Now» | 2:31 |
| 2. | «Lonely (Amy's Theme)» | 3:20 |
| 3. | «Wash Her Away (From the Discotheque)» | 2:30 |
| 4. | «Kite Chase» | 1:21 |
| 5. | «Try and Be Happy» | 1:04 |
| 6. | «Peep Show Percussion» | 1:19 |
| 7. | «Girl, Beautiful Girl (Barbara's Theme)» | 2:23 |
| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 8. | «Darling Be Home Soon» | 3:33 |
| 9. | «Dixieland Big Boy» | 1:14 |
| 10. | «Letter to Barbara» | 0:59 |
| 11. | «Barbara's Theme [From the Discotheque]» | 1:27 |
| 12. | «Miss Thing's Thang» | 1:37 |
| 13. | «March» | 2:28 |
| 14. | «Finale» | 2:29 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «You're a Big Boy Now (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 Ruhlman, William. «You're a Big Boy Now > Review». Allmusic. Henta 23. mars 2019.