Fagopplæring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fagopplæring (Fag- og yrkesopplæring) er ei yrkesfagleg utdanning som leiar fram til sveineprøve innan eit av dei tradisjonelle handverksfaga eller fagprøve innan eit av dei nyare handverksfaga og handels- og industrifaga, og dessutan annan fagkompetanse.

Den yrkesfaglege utdanninga i Noreg er organisert gjennom ti yrkesfaglege utdanningsprogram innan vidaregåande opplæring. Fagopplæringa består av ei kombinert opplæring i skule og praksis i ei bedrift innan det faget eleven blir utdanna i. Hovudmodellen byggjer på to års opplæring i skule og to år som lærling i bedrift. Fylkeskommunane har hatt ansvaret for fagopplæringa sidan 1981, då dei overtok ansvaret for dei fleste vidaregåande skulane. Det har heile tida vore eit tett samarbeid mellom skuleverket og partane i arbeidslivet om innhald og opplæringstilbod.

Den organiserte fagopplæringa har røter langt tilbake i tid, frå laugvesenet i mellomalderen til etablering av teikneskular og tekniske aftanskular frå midten av 1800-talet, og etablering av yrkesskular frå 1940. Frå 1976 var fagopplæringa slått saman med gymnas og andre vidaregåande skuleformer til vidaregåande skular. Fagopplæringa blir i dag regulert av opplæringslova frå 1998.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Laugvesenet[endre | endre wikiteksten]

Yrkesopplæringa har røtene sine i handverkarar og laugvesen frå mellomalderen. Opplæringa gjekk føre seg i verkstadene under rettleiinga til meistrane, og var regulert av lauga. I Noreg voks laugvesenet fram frå andre halvdel av 1500-talet og varte i over 300 år, fram til 1870

Ordninga fungerte slik at meistrane tok lærlingar inn i verkstaden og gav dei opplæring i faget. Lærlingane hadde ei læretid på 3-5 år, før dei avla sveineprøven. Sveinane kunne då reisa rundt til andre land, «vandra på faget», og arbeida for andre meistrar i lauget og slik skaffa seg vidare kunnskap. Deretter kunne sveinen bli godteken som meister og teken opp i meisterlauget.

På grunn av den strenge reguleringa var laugvesenet omstridt, og det blei avvikla i løpet av 1800-talet. Næringsfridom vart nedfelt som prinsipp allereie i grunnlova, og blei vidare styrka gjennom lovgiving på 1800-talet. Handverkslova av 1839 gav bygdehandverkarar høve til å arbeida fritt i byane.[1] Ved handverkslova av 1866 var det fritt for alle norske statsborgarar over 21 år, inkludert ugifte kvinner, å starta næringsverksemd i handverksfag. Lauga blei avskaffa frå og med 1870, ved lov av 1866.[2]

Dei fyrste skulane på 1800-talet[endre | endre wikiteksten]

På 1800-talet oppstod det skular som var berekna på lærlingar og sveinar. Dei fyrste var syndagsskulane, som kunne kombinerast med jobb som lærling. Dei gav undervising i lesing, skriving, kristendom, rekning, geografi, samfunnslære, historie, brevskriving og så vidare Det blei oppretta sundagsskule i Christiania i 1802 og i Trondheim i 1802.[3] Etter kvart som allmugeskulen blei bygd ut, slik at han gav den nødvendige allmennkunnskapen for både by og land, mista søndagsskulane tydinga si.

Ein annan skuletype som oppstod på 1800-talet, og som skaut fart etter 1850, var teikneskular. Det blei skipa teikneskular for handverkarar i fleire byar. Fyrst ute var Christiania (1818), Bergen (1824) og Trondheim (1852). I 1848 avgjorde Stortinget at teikneskulane skulle få statsstøtte, og i løpet av 1860-70-åra fekk alle byane teikneskular. Undervisninga gjekk føre seg på kveldstid, over ein periode på 6-8 månader. Faga var av praktisk karakter: Rekning, geometri, teikning, matematikk og fysikk.

Etablering av tekniske skular på slutten av 1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Frå 1870-åra blei teikneskulane omorganiserte til tekniske aftanskular. Skulane hadde større fagkrins og meir undervisingstid enn teikneskulane hadde hatt. Christiania og Bergen var fyrst ute med desse skulane, og rundt hundreårsskiftet var 18 tekniske skular i verksemd. Skulane gav teoretisk teknisk undervising på kveldstid, og var meinte å verka i kombinasjon med jobb som lærling. Dei tekniske aftanskulane blei ein viktig del av fagopplæringa i fleire tiår. Ved yrkesskulelova i 1940 skifta aftanskulane namn til lærlingskular.

I tillegg til dei tekniske aftanskulane blei det oppretta elementærtekniske skular (tekniske fagskular). På slutten av 1800-talet blei det skipa tre skular: Porsgrunn 1885, Bergen 1887 og Christiania 1893. Skulane hadde både ulikt innhald og varigheit. Det blei også oppretta tekniske skular, som var av meir polyteknisk art. Slike skular kom i Trondheim 1870, Christiania 1873 og Bergen 1875. Dette var skular som bygde på middelskuleeksamen, og som varte i 3-4 år.[4] På høgare nivå blei det grunnlagt ein teknisk skule i Horten, knytt til marinen, allereie i 1954. Men det var med etableringa av Noregs tekniske høgskule (NTH) i Trondheim i 1910 at den høgare tekniske utdanninga var på plass.

Det var staten som var pådrivar og i hovudsak finansierte dei nye tekniske skulane. I tillegg fanst det enkelte private tiltak. I 1898 blei det tekniske skulestellet lagt inn under Kyrkje- og undervisingsdepartementet, medan det tidlegare var lagt under Indredepartementet.

Fagopplæringa ca. 1900–1940[endre | endre wikiteksten]

Dei tekniske skulane som blei skipa på slutten av 1800-talet, kom som følgje av industrialiseringa og auka behov for teknisk kompetanse og faglært arbeidskraft. Ein såg også etter kvart behovet for ei meir strukturert opplæring, og rundt 1900 var det debatt rundt dette, både i departementet og innanfor næringslivet. Debatten dreidde seg om både skuletypar og innhaldet i opplæringa. Ein fann viktig inspirasjon frå mellom anna Tyskland, og særleg München. I 1905 blei det sett opp ein komité, Fagskolekomiteen, som skulle sjå nærare på dette. Komiteen meinte at den grunnleggjande fagopplæringa burde vera brei, og at dei teoretiske og praktiske faga burde knytast nærare saman. Skulane skulle utdanna både dyktige fagarbeidarar og gode samfunnsborgarar. Sjølv om dette synet ikkje fekk gjennomslag i Stortinget, hadde komiteen reist ein prinsipiell debatt som har prega fagopplæringa sidan.

Forslaget frå komiteen blei handsama i Stortinget i 1911, og det blei gjort viktige vedtak for fagopplæringa i framtida.[5] Det blei fastsett ein normalplan for dei tekniske aftanskulane, og gitt retningslinjer for skiping av kortvarige praktiske handverksskular; faglege forskuler og verkstadsskular. Det vart også gjennomført ei justering av dei tekniske skulane, dei skulle vera toårige på mellomtrinnet. Ein fekk no ei inndeling av den faglege og tekniske utdanninga i Noreg i eit elementært nivå, eit mellomnivå og eit høgskulenivå (med skipinga av NTH i 1910). Denne strukturen blei i hovudsak ståande fram til 1945, då den nye lova om yrkesskular kom i kraft.

Den fyrste verkstadsskulen blei oppretta i Kristiania i 1910, Forskola for Jern- og metallarbeidere i Kristiania. Skulen kom til å danna mønster for utviklinga av verkstadsskular elles i landet. Han gav ei planmessig opplæring, slik at elevane blei direkte førebudde til arbeid i verkstad og industri. Eit halvt år i skulen gav elevane eitt års fråtrekk i læretida. Ein la vekt på behov i industrien, særleg i dei mekaniske faga. Skulen var støtta av både stat og kommune.

I 1913 kom det ein ny lov handverkslov som samla alle dei nye handverksreglane. Loven fastsette at alle som skulle utøva handverksfag, måtte gå gjennom læretid og avleggja sveine- eller fagprøve. Dette styrka behovet for ei planmessig opplæring. Loven gjaldt for alle byar og ladestader, og dessutan fleire heradkommunar. Han regulerte fagopplæringa fram til det kom einny lov i 1940

I 1920-åra var fleire komitear i arbeid for å sjå på fortsetjingsskulen (det vil seia den vidaregåande opplæringa) meir generelt.[6] Men dette førte ikkje til vesentlege endringar for fagopplæringa. På 1930-talet fekk likevel fagopplæringa ny fokus. Det var kriseår med stor arbeidsløyse, og det måtte setjast i verk tiltak. I 1933 blei Yrkesopplæringsrådet for handverk og industri etablert, beståande av medlemmer frå handverk, industri, LO og departementet. Dei gav råd og fagleg hjelp i samband med fagopplæring og blei ein viktig pådrivar for yrkesopplæringa dei neste 40 åra. Det er ved arbeidet til dette rådet at omgrepet yrkesopplæring fyrst blei teke i bruk. I 1936 fekk rådet i oppdrag frå Kyrkje- og utdanningsdepartementet å utarbeida forslag til ny lov om yrkesskular. Rådet føreslo å etablera eit heilt nytt skuleslag, skilt frå folkeskulen og allmennskulen, med fokus på det reint yrkesfaglege.

Lov om yrkesskular i 1940[endre | endre wikiteksten]

I 1940 kom Lov om Yrkesskoler for håndverk og industri. På grunn av andre verdskrigen blei likevel ikkje lova sett i verk før i 1945. No blei alle tekniske skular og undervisningstilbod i tekniske fag samla inn under ein felles lov, og det blei grunnlagt moderne yrkesskular i Noreg. Lova skil mellom skular før læretida - verkstadsskular, i læretida - lærlingskular (det vil seia dei tidlegare tekniske aftanskulane), og etter læretida - formanns- og verksmeisterskular. Skular som hadde alle tre avdelingar skulle heita Yrkesskular for handverk og industri (§ 2). I tillegg regulerte loven skular som ikkje var ein del av den ordinære yrkesopplæringa: Elementærtekniske skular, med formål å gi allmenndannande og elementær teknisk undervising, og dei praktisk-teoretiske tekniske fagskulane (§§ 45, 46). Lova regulerte også dei tekniske skulane, som gav kompetanse for tekniske stillingar på mellom- og høgare nivå (Kap. VI). Inndelinga av yrkesopplæringa som blei fastsett i 1940-lova, blei ståande fram til Lov om vidaregåande opplæring kom i 1974.

Yrkesskulane kunne vera kommunale, interkommunale eller statlege (§ 4). I tillegg kunne føretak, institusjonar eller organisasjonar driva yrkesskule. Alle skulane kunne få statsbidrag. Kvar skule skulle ha eit styre (§ 18), og «vedkommende regjeringsdepartement» danna overstyre for skulen (§ 16). Overstyret fastsette normalplan for undervising og eksamen, og kunne gjera endringar i fagkrinsen til skulen. Yrkesopplæringsrådet, beståande av representantar frå «de praktiske næringer», skulle hjelpa overstyret (§ 17). Partane i arbeidslivet var dermed sikra å framleis ha stor innverknad på fagopplæringa.

Fagopplæringa 1945–1974[endre | endre wikiteksten]

Etterkrigstida var prega av eit omfattande plan- og utgreiingsarbeid innan skulesektoren generelt, og dette gjaldt også for yrkesopplæringa. Lov om yrkesskoler blei sett i verk i 1945[7] Same år blei Plankomiteen nedsett som ei oppfølging av lova. Komiteen leverte seks innstillingar på to år, og den eine av desse var Landsplan for den videre utbygging av yrkesskolestellet i byer og landdistrikter. Blant forslaga var at all nyrekruttering til faga skulle gå gjennom yrkesskulane og at lærlingskulen skulle gå over frå å vera kveldsskule til å bli dagskule ein dag i veka. Det blei også påpeika at mange skular hadde dårlege lokale og utstyr. I 1948 kom stortingsmelding om handverk og industri, som bygde på arbeidet til plankomiteen.[8]

I 1950 blei det vedtatt ein ny lov om lærlingar. Loven regulerte lærlingordninga i heilskap; kva fag ordninga gjaldt, krav til verksemdder, krav og rettar for lærlingar, lærlingkontraktar, arbeidstid og føresegner om fag/sveoneprøvar. Etter loven skulle det stadlege arbeidstilsynet føra register over lærlingane (§ 25). Lærlingskulane gjekk no føre seg på dagtid, som følgje av arbeidstidsreglane i loven. Fagprøva skulle avleggjast for ei prøvenemnd (§ 16). Det skulle også opprettast lærlingnemnder i kommunane som skulle føra tilsyn med yrkesopplæringa i kommunen (§ 24). Det blei oppretta eit statleg organ – Lærlingrådet – som skulle føra tilsyn med lærlingordninga på nasjonalt plan og vera rådgivande for departementet (§ 26).

Planarbeidet fortsette vidare på 1950- og 60-talet. Plankomiteen av 1958 førte fram til ei stortingsmelding (St. meld. 56 1959-60), som mellom anna føreslo ein kraftig auke av kapasiteten ved yrkesskulane. Ei ny stortingsmelding i 1965 (St. meld. 97 1964-65) peika på ei vidare utbygging. I 1964 overtok fylkeskommunane ansvaret for dei fleste vidaregåande skulane. Yrkesskulane hadde tidlegare i hovudsak vore kommunale, men kunne også vera statlege, fylkeskommunale eller private. I 1968 starta det opp prøveklassar med tekniske fagskular. Dette var ei utdanning på mellomtrinnet, med krav om 9-årig skule og dessutan minst to års praksis frå arbeidslivet eller gjennomgått verkstadsskule.

Skolekomitéen av 1965 («Steen-utvalet») greidde ut heile den vidaregåande opplæringa og gav tre innstillingar i perioden 1967-70.[9] Dette var fyrste gong ein hadde ein samla gjennomgang av vidaregåande opplæring i Noreg, og arbeidet førte fram til samlinga av all vidaregåande opplæring under ein felles lov - Lov om videregående opplæring i 1974

Reform 74 og Reform 94[endre | endre wikiteksten]

Den nye lova om vidaregåande opplæring kom i kraft i 1976. Dei ulike vidaregåande skuletypane blei no lagde inn under same lov. Loven bygde på idéen om at den vidaregåande skulen skulle bli ein felles og allsidig skule for alle elevar. Dei etterfølgjande tiåra blei også ein eineståande utbyggingsperiode for vidaregåande skular i Noreg. Den kombinerte skulen, med allmennfag og yrkesfag under same tak, blei malen.

I 1976 blei det sett i gang eit utgreiingsarbeid for å leggja til retta for ei meir tidsrett lærlingordning. Eit av utvala - Johansenutvalget - gav innstillinga Yrkesopplæring 2000. Utvalet meinte yrkesopplæringa måtte byggja på ein brei basis av kunnskapar framfor ei for tidleg spesialisering. Det meinte også at skulen skulle gi denne grunnopplæringa, medan verksemda hadde ansvar for spesialiseringa.

I 1980 kom Lov om fagopplæring, som avløyste lærlingloven av 1950. Denne loven står som ein milepåle i historia til fagopplæringa. Fleire fagområde kom no inn under lova, tilskota til lærebedriftene auka og fleire fekk lærlingkontraktar.

Elevane skulle gå to år på skule og eitt år som lærling (eventuelt eit ekstra år med lærlinglønn). Skulen gav teoriutdanning, medan verksemda gav praktisk opplæring, og fagbrevet var målet for all yrkesopplæring. Det skulle opprettast yrkesopplæringsnemnder i alle fylke med tilhøyrande sekretariat, og det skulle opprettast opplæringskontor, det vil seia samarbeidsorgan mellom fleire føretak med opplæringsansvar. Det kunne også opprettast opplæringsringar, det vil seia to eller fleire bedrifter som inngjekk samarbeidsavtale for å ta på seg opplæringsansvar i fellesskap. På sentralt hald blei Rådet for fagopplæring i arbeidslivet (RFA) oppretta, der partane i arbeidslivet hadde ei sentral rolle. Rådet skulle hjelpa departementet med faglege råd og ta initiativ til å fremja fagopplæringa. Rådet skulle ha representantar frå partane i arbeidslivet og frå departementet. Meir enn halvparten av medlemmene skulle representera arbeidslivet, med likt tal på medlemmer frå arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida. RFA blei nedlagt i 2004 og erstatta av Samarbeidsråd for yrkesopplæringa (SRY). Vidare skulle kvart fag ha eit fagleg opplæringsråd. Råda skulle ha femti-femti representantar frå partane i arbeidslivet.

Det var stor optimisme knytt til fagopplæringa på 1980-talet. Men mot slutten av 1980-talet sokk rekrutteringa av lærlingar, mellom anna på grunn av konjunkturar i arbeidslivet. Dette vekte bekymring både i skulekrinsar og i næringslivet. I 1990 gjekk NHO og LO saman om ei erklæring der ein ønskte å samarbeida om utfordringane - Felles erklæring om fag og yrkesopplæringa i skule og arbeidsliv. Partane forplikta seg her til å skaffa lærlingplassar, under føresetnad av at grunnopplæringa gjekk føre seg på skulen. Ein meinte også at allmennkunnskap og yrkesteori måtte få større plass i opplæringa. Denne erklæringa var eit viktig felles «løft» og blei ein hjørnestein i Reform 94.

Med Reform 94 blei opplæringa i arbeidslivet for alvor ein del av den vidaregåande opplæringa. Det blei no innført eit forpliktande samarbeid mellom offentleg og privat sektor, mellom skule og bedrift. Hovudmønsteret skulle framleis vera to års opplæring i skule og eitt år i bedrift (kunne vera to år, men då med lærlingløn det siste året), men den teoretiske delen av yrkesopplæringa var no styrka. Yrkesutdanninga gav fag- eller sveinebrev som før. No var det også mogleg å oppnå generell studiekompetanse ved å byggja vidare på gjennomført yrkesutdanning. I 1998 kom Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringsloven), som er ein felles lov for heile skuleverket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lov ang. håndverksdriften, 15. juli 1839
  2. Lov om utvidet adgang til håndverksdrift i kjøpstedene, 14. april 1866. Lov om utvidelse av handelsfriheten på landet, 26. mai 1866
  3. S. Wulfbergs skole i Christiania og bokbinder Rhkopffs skole i Trondheim
  4. De tekniske skolene var forløperne til dagens ingeniørhøyskoler. De ble statlige i 1977, og innlemmet i det regionale høyskolesystemet i 1994
  5. Bjørndal, s. 65
  6. Det ble oppnevnt tre komitéer i 1919: Den parlamentariske skolekommisjon (middelskole og gymnas), Hustellkomitéen og Ungdomsskolekomitéen
  7. Samordningsnemnda for skoleverket av 1947 ble nedsatt for å gå gjennom hele skoleverket, både grunnskole og videregående skole. Den avga flere innstillinger, og la blant annet grunnlaget for en obligatorisk 9-årig grunnskole, som ble lovfestet i 1969
  8. St. meld. 35 (1948) om håndverk og industri
  9. Skolekomitéen av 1965, Innstilling om det videregående skoleverket I–III, 1967-70

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lov om haandverksnæring, 25. juli 1913
  • Lov om yrkesskoler for håndverk og industri, 1. mars 1940
  • Lov om lærlinger i håndverk, industri, handel og kontorarbeid, 14. juli 1950
  • Lov om videregående opplæring, 21. juni 1974
  • Lov om fagopplæring i arbeidslivet, 23. mai 1980
  • Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringsloven) , 17. juli 1998
  • Ivar Bjørndal: Videregående opplæring i 800 år – med hovedvekt på tiden etter 1950. Forum bok 2005.
  • Skolekomitéen av 1965 (Steen-komitéen), Innstilling om det videregående skoleverket I–III, 1967-70.
  • St. meld. Nr. 97 for 1964-65: Om landsplan for den videre utbygging av yrkesskolene for håndverk, industri, handel og kontorarbeid m.m. for perioden 1965-70/71
  • Liv Mykland: Håndbok for brukere av statsarkivene. Riksarkivarens skriftserie 19. Universitetsforlaget 2005.
  • Liv Mykland og Kjell-Olav Masdalen: Administrasjonshistorie og arkivkunnskap – kommunene. Universitetsforlaget 1987