Laug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Laug er ei nemning på ei lokal samanslutning av kjøpmenn eller handverkarar i byar. Laug var særleg utbreidd i mellomalderen og fram til 1800-talet. På norsk vart ordet nytta om eit samband av handverkarar, og ordet gilde om kjøpmennene og handverkarane sine sosiale lag. I nyare tid vert laug nytta om om lokale lag av handtverksmeistrar.

Frå kring 1100-talet voks desse organisasjonane fram, både for å fremja medlemmene sine interesser og for å driva sjølvregulering og opplæring innan faga. Til dømes vart det avgjort kven som skulle takast opp som læresvein, og korleis ein kunne arbeida seg fram til eit meisterbrev.

Frå slutten av 1700-talet vart lauga sterkare og sterkare kritisert for å driva proteksjonisme, hindra nyskaping og teknisk utvikling og å ha feidar med kvarandre. Kritikarane kom både frå venstresida og høgresida i politikken. Til dømes kom det kritikk frå så ulike folk som Jean-Jacques Rousseau, Adam Smith og Karl Marx.

Den sterkare makta statane fekk, mellom anna til å regulera patent og opphavsrett, gjorde at lauga fekk mindre makt. Etter den franske revolusjonen vart laugsvesenet oppløyst over store delar av Europa.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Zunftwappen
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Zunfthaus