Hopp til innhald

Yrsa Sigurðardóttir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yrsa Sigurðardóttir

Vilborg Yrsa Sigurðardóttir, 2009.
Nasjonalitet Islandsk
Statsborgarskap Island
Fødd 24. august 1963 (61 år)
Reykjavík
Yrke Forfattar, bygningsingeniør
Periode 1998-
Sjanger Kriminallitteratur, barnelitteratur
Debut Þar lágu Danir í því
Yrsa Sigurðardóttir på Commons

Vilborg Yrsa Sigurðardóttir (fødd 24. august 1963 i Reykjavík) er ein islandsk forfattar. Ho er student frå MR i 1983 og studerte etterpå til bygningsingeniør ved Háskóli Íslands, der ho avslutta med ein Bachelor of Science i 1988. Ho heldt fram studiane ved Concordia University i Montreal i Canada, og fekk i 1997 den akademiske graden Master of Science. Ho bur no med mann og to born i Seltjarnarnes ved Reykjavík, og arbeider som ingeniør ved Kárahnjúkar-kraftverket aust på Island[1].

Forfattarskap

[endre | endre wikiteksten]

Yrsa Sigurðardóttir gav ut den første barneboka si, Þar lágu Danir í því, i 1998, og året etter kom barne- og ungdomsboka Við viljum jól í júlí. Den første spaningsromanen til Yrsa, Þriðja táknið, kom ut i 2005, og vart svært godt motteken, og omsett til fleire språk. Den sentrale karakteren i kriminalromanane hennar hittil, har vore advokaten Þóra (Thora) Guðmundsdóttir.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

Barnebøker

[endre | endre wikiteksten]
  • 1998 Þar lágu Danir í því
  • 1999 Við viljum jólin í júlí
  • 2000 Barnapíubófinn, Búkolla og bókarránið
  • 2001 B 10
  • 2003 Biobörn

Kriminallitteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • 2005 Þriðja táknið (Norsk omsetjing av Tone Myklebost, Det tredje tegnet) ISBN 9788204117779
  • 2006 Sér grefur gröf (Norsk omsetjing av Silje Beite Løken, Den som graver en grav-) ISBN 9788204138323
  • 2007 Aska (Norsk omsetjing av Silje Beite Løken, Aske) ISBN 9788204155290
  • 2008 Auðnin
  • 2009 Horfðu á mig
  • 2010 Ég man þig (Norsk omsetjing av Silje Beite Løken, Jeg vet hvem du er) ISBN 9788248911517
  • 2011 Brakið

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]