Ytterby kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Inne i kyrkja, mot nordvest.

Ytterby kyrkje var ei kyrkje i Ytterby i Kungälv kommune i Bohuslän. Dette området tilhøyrer no Sverige, men i mellomalderen, då kyrkja vart bygd, var det ein del av Noreg. Kyrkja var oppført i romansk stil rundt 1100. Kyrkja vart delvis riven på 1800-talet, og står i dag som ein ruin.

Då kyrkja vart oppført på 1100-talet, låg ho like ved Konghelle, som var ein av Noregs største byar på denne tida. I Borgartingslova, lova som gjaldt for Vika, vert det fortalt at det var seks fylkeskyrkjer i Vika, og at ei av dei låg i Konghelle.[1] Ytterby kyrkje kan ha vore denne kyrkja.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ældre Borgartingslov, Vikens kristenret (1914): 22
  2. Kolsrud (1958): 147

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kolsrud, Oluf: Noregs kyrkjesoga I: Millomalderen. Aschehoug, Oslo 1958
  • Ældre Borgartingslov, Vika si kristenret. Omsett av Torleiv Olavsson, Kristiania 1914