Kungälvs kommun
| Kungälvs kommun | |||
| kommune | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Len | Västra Götalands län | ||
| Landskap | Bohuslän | ||
| Centralort | Kungälv | ||
| Areal | 372,69 km² | ||
| • land | 364,73 km² | ||
| • vatn | 7,96 km² | ||
| Folketal | 38 899 | ||
| Folketettleik | 107 / km² | ||
![]() Kungälvs kommun 57°52′00″N 11°58′00″E / 57.866666666667°N 11.966666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Kungälv Municipality | |||
| Nettstad: www.kungalv.se | |||
Kungälv er den sørlegaste byen i Bohuslän, grunnlagd tidleg på 1000-talet ved Nordre älv. Kungälv er ein kommune i Västra Götalands län.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Kommunen grensar til Stenungsund, Lilla Edet, Ale, Göteborg, Öckerö og Tjörn. Han har Göta älv i aust, Nordre älv i sør og Kattegat i vest, medan han blir kryssa av transportvegane Europaveg 6 og Bohusbanen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Byen blei grunnlagd om lag 1080, og var ein av dei viktigaste byane i Noreg i mellomalderen, med namnet Konghelle. Sigurd Jorsalfar gjorde han til hovudstad då han kom heim frå utlandet i 1111, og Kungälv var sete for kongane fram til slutten av 1150-åta.
I 1135 blei byen overfallen og brend av venderane. Han blei bygd opp igjen og blei ståande heilt fram til svenskane brende byen i 1612. Som svar på dei stadige svenske herjingane tok kong Kristian IV avgjerda om å flytta byen nærare Bohus festning.
Kungälv voks som industriby ved slutten av 1800-talet. Eit glasverk blei grunnlagd i 1975 og ein kjeksfabrikk i 1888. Frå 1909 til 1982 laga ABC-fabrikkane, AB Bröderna Claesson, sportsutstyr i kommunen.
Industri
[endre | endre wikiteksten]Næringslivet i Kungälv er i dag prega av mange små føretak som ofte er viktige underleverandørar til større verksemder i regionen. I 2003 la Swedish Match ein ny snusfabrikk til det nye industriområdet Solbräcke.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kungälv» frå Wikipedia på svensk, og «Kungälv» frå Wikipedia på bokmål den 23. april 2006.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |

