Zack & Wiki: Quest for Barbaros' Treasure
| Zack & Wiki: Quest for Barbaros' Treasure | |||
| Utviklar(ar) | Capcom | ||
|---|---|---|---|
| Utgjevar(ar) | Capcom | ||
| Design(ar) | Eichiro Sasaki (direktør) Hironobu Takeshita (produsent)[1] | ||
| Forfattar | Kosuke Nasu | ||
| Komponist(ar) | Shinya Okada Tadayoshi Makino | ||
| Utgjeving | NA: 23. oktober 2007 JP: 25. oktober 2007 EU: 18. januar 2008 AUS: 21. februar 2008 | ||
| Sjanger | Eventyrspel | ||
| Spelemodus | Einspelar | ||
| Aldersgrense | PEGI: 7+ CERO: A ESRB: E | ||
| Format | DVD | ||
| Stødde einingar | Wii-fjernkontroll | ||
| Nettstad | http://www.zackandwiki.com/ | ||
Zack & Wiki: Quest for Barbaros' Treasure (宝島Z バルバロスの秘宝 Takara-jima Zetto Barubarosu no Hiho) er eit eventyr/gåtespel utvikla og publisert av Capcom for spelkonsollen Wii. Det vart gjeve ut i Nord-Amerika og Japan i oktober 2007, og i Europa, Australia og Sør-Korea året etter. Spelet handlar om piraten Zack og makkeren hans; Wiki, som er på leiting etter skattar i ei eventyrverd. Ein kontrollerer spelet berre ved hjelp av Wii-fjernkontrollen.
Oppsett
[endre | endre wikiteksten]Zack & Wiki: Quest for Barbaros' Treasure er presentert som eit tredjepersons eventyrspel der ein kontrollerer Zack ved hjelp av Wii-fjernkontrollen. Spelaren kan peike på ulike objekt i spelet via ein markør for å få Zack til å saumfara desse, eller for å flytte på seg. Zack kan skapa fiendar i spelet om til nyttige objekt ved å skaka makkeren Wiki som ei bjølle. Når spelaren får Zack til å bruka eit verktøy, skiftar spelet om til eit perspektiv i førsteperson, og spelaren må apa etter operasjonen som blir gjort i spelet ved hjelp av Wii-fjernkontrollen for å få framsteg. Når ein til dømes skal saga ned eit tre, må ein flytta Wii-fjernkontrollen fram og attende for å saga i spelet. Om ein greier ei utfordring blir ein lønna med poeng, der mengda poeng avhenger av kor bra ein gjorde det, kor mange forsøk som vart brukte, og vanskegraden på utfordringa.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ New From Capcom: Treasure Island Z ign.com
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell heimeside
- Zack & Wiki: Quest for Barbaros' Treasure på Nintendo.no