Hopp til innhald

Zenica

Koordinatar: 44°12′14″N 17°54′28″E / 44.20389°N 17.90778°E / 44.20389; 17.90778
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zenica
Andre namn Зеница
Ei gate i Zenica
Ei gate i Zenica
Ei gate i Zenica
Flagget til Zenica Kommunevåpenet til Zenica
Flagget til Zenica Kommunevåpenet til Zenica
Styresmakter
Land
Kanton
Bosnia-Hercegovina
Zenica-Doboj
Geografi
Flatevidd 43,01 km²
Flatevidd
 - Kommune

499,7 km²
Innbyggjarar
 - Kommune (2013)
 - Byområde

110 663[1]
70 553[1]
Koordinatar 44°12′14″N 17°54′28″E / 44.20389°N 17.90778°E / 44.20389; 17.90778
Høgd over havet 330 m
Tidssone UTC+01:00 (UTC)
Diverse anna
Telefon-retningsnummer +387 32
Heimeside: https://zenica.ba/
Nettstad: www.zenica.ba
Plassering
Zenica is located in Bosnia-Hercegovina
Plasseringa av byen Zenica
Kommunen Zenica i kantonen Zenica-Doboj innanfor Føderasjonen Bosnia-Hercegovina

Zenica (bosnisk kyrillisk Зеница) ein by[2] og ein kommune i kantonen Zenica-Doboj innanfor Føderasjonen Bosnia-Hercegovina, den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen.[3] Han er hovudsete i kantonen.

Zenica er ein industriby og den fjerde største byen i landet etter Sarajevo, Banja Luka og Tuzla. Han ligg om lag 70 km nord for Sarajevo ved elva Bosna og er omgitt av fjell og åsar i Dei dinariske Alpane.

Byen sitt Stara čaršija (gamle kvarter) inneheld fleire turistattraktsjonar, inkludert ein synagoge, som no er bymusem og kunstgalleri. Det finst òg ein moské (Čaršijska), ei austerriksk fontene og eit gamalt gardshus (Hadžimazića House).

I ei skildring frå 1697 vert det nemnd at Zenica er «Nilens delta, der melonane veks i eit vakkert landskap». Ein meiner at byen den gong hadde omkring 2 000 innbyggjarar, der bosniarane dominerte. Mot slutten av 1700-talet vert òg serbarar og kroatar nemnd, og på 1800-talet jødar. Etter øydeleggingar gjort av Eugen Sovojski-soldatane i 1697, vart området stabilisert og byen byrja å vekse. Etter at tyrkarane vart slått i 1878 og Austerrike-Ungarn tok over makta, vart jarnbanen Bosanski Brod-Zenica bygd i 1879. I 1880 opna kolmina, i 1885 ein papirfabrikk, i 1892 jernverket og i 1886 eit fengsel. Alle desse utbyggingane var viktig for den seinare utviklinga til byen.

Dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:[1]

Folketal 1991 Folketal 2013
Zenica 96 027 70 533
Gradišće 2 814 2 964
Nemila 2 505 2 508
Orahovica 2 535 2 417
Gornja Zenica 2 516 1 893
Pojske 2 664 1 842
Kommunen Zenica 146 603 110 663

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 1,2 Konačni rezultati - Popis 2013, Agencija za statistiku Bosne i Hercegovine, 2013, henta 25. desember 2024 
  2. Žunić, Nihad (19. juli 2024), «Koliko je teško dobiti status grada u BiH i šta to konkretno znači», Klix.ba (på kroatisk), henta 26. desember 2024 
  3. The General Framework Agreement for Peace in Bosnia and Herzegovina (PDF), OSSE, 14. desember 1995, henta 23. november 2024