Zenne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zenne
elv
Zenne ved Rebecq
Land  Belgia
Renn gjennom Brussel
Lengd 103 km
Kjelde Soignies
Munning Dijle
Kart
Zenne
51°03′51″N 4°25′45″E / 51.064095°N 4.429268°E / 51.064095; 4.429268
Wikimedia Commons: Senne/Zenne

Zenne (eller Senne på (fransk) er ei lita elv som renn gjennom Brussel, og er ei av sideelvene til Dijle. Ho har utspring i kommunen Soignies, og endar til slutt opp i Schelde via Dijle og Rupel). Woluwe er ei av sideelvene til Zenne. Den totale lengda hennar er 103 km.

I sentrum av Brussel vart Zenne totalt bygd over på 1800- og 1900-talet. Ho er derimot framleis synleg i utkanten og utanfor byen.

Ein gullfarga Iris vart brukt som emblem for Hovudstadsregionen Brussel, sidan ho voks i dei myrlendte slettene rundt elva.

Zenne er kjend for å vere ei av dei mest forureina elvene i Belgia, sidan avløpsvatn frå Brussel går ureinska ut i elva. Dette problemet skal derimot løysast i nær framtid sidan eit kloakkreinseanlegg er under bygging.

Ein unik gjærsopp som veks i Zennedalen vert brukt i produksjonen av ølsorten Lambic.