Zhang Qian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zhang Qian

Statsborgarskap Han-dynastiet
Fødd 28. september 200 f.Kr.
Chenggu
Død

ca. 114 f.Kr.
Kina

Yrke oppdagar, diplomat, politikar
Språk Gammelkinesisk
Zhang Qian på Commons

Zhang Qian (kinesisk 騫|騫, Wade-Giles Chang Ch'ien) var ein kinesisk embetsmann som vart send ut frå Kina på 100-talet f.Kr. under Han-dynastiet. Han var den første offisielle diplomaten som kom heim att med påliteleg informasjon om Sentral-Asia til den kinesiske keisaren Wu av Han. Han spelte òg ei viktig rolle i den kinesiske koloniseringa av regionen som i dag er kjend som Xinjiang.

Reisene til Zhang Qian er knytt til ein av dei store handelsrutene gjennom Asia, Silkevegen. Reisene hans opna Kina mot nye rike og produkt frå ei verd som til då var ukjend for kinesarane. Zhang Qian forteljingar frå reisene sine i Sentral-Asia er nedskrivne i historieverket Shiji, skrive av Sima Qian i det første hundreåret f.Kr. I dag vert Zhang Qian rekna som ein nasjonalhelt og er hylla for rolla han spelte i å opne Kina for handel med resten av verda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]