Wu av Han

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Keisar Wu av Han

Keisar Wu av Han (kinesisk: 漢武帝 / 汉武帝; 156 f.Kr, død 87 f.Kr) var den sjuande keisaren i Han-dynastiet. Han herska frå 141 f.Kr til 87 f.Kr. Han etablerte ein autokratisk og sentralisert stat, med prinsipp han adopterte frå konfucianismen som statsfilosofi, etikk og normer for riket sitt og starta ein skule for lære opp framtidige leiarar i klassiske konfucianisme. Han klarte å slå ned på den systematiske plyndringa som Xiongnu-nomadane utførde i det nordlege Kina og i 139 f.Kr sende han sendebodet sitt Zhang Qian ut for å danne ein allianse med yuezhiane i det moderne Usbekistan. Men han vart òg kritisert av einskilde historikarar for tyranni.

Gravmælet hans, Maolingmausoleet (Maoling, 茂陵) i byfylket Xingping i provinsen Shaanxi, er oppført på lista over kulturminne i Folkerepublikken Kina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]