Zinjibar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 13°7′42″N 45°22′49″E
Zinjibar
زنجبار
landsby
Land Flag of Yemen.svg Jemen
Guvernement Abyan
Distrikt Zinjibar
Koordinatar 13°7′42″N 45°22′49″E
Folketal 19 879 (2004)
Tidssone Jemen standardtid (UTC+3)
Yemen location map.svg
Locator Red.svg

Zinjibar (arabisk زنجبار) er ein hamne- og kystby sør i det sentrale Jemen. Han det det administrative senteret i Zinjibar-distriktet og Abyan guvernement. Byen ligg like ved Wadi Bana[1] i Abyan-deltaet. Frå 1962 til 1967 var han den administrative hovudstaden i Fadhli sultanat, sjølv om sultanen framleis budde i den tidlegare hovudstaden Shuqrah. I folketeljinga i 2004, hadde Zinjibar 19 879 innbyggjarar. Byen har eit lite feriemiljø ved sjøen og ein fiskeindustri.[2] Det vert dyrka bomull i området.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Zinjibar var lenge eit handelssenter for handel med Det fjerne austen.[4] I 1163 vart byen sett i brann og vart øydelagd av Abdel Nabi Ali Mahdi Yoosuf. Han vart bygd opp att og ein har funne mykje keramikk frå 1400-talet ved den arkeologiske funnstaden Mazda (القريات). Byen vart derimot øydelagd igjen i stammekrigar. På 1800-talet grunnla Fadhli-sultanen Hussein bin Ahmed bin Abdullah byen på ny. Han vart sendt til India i eksil og kom att tidleg i 1920-åra.

Namnet Zanjibâr kjem frå persiske samansetninga Zangī-bâr, som tyder «kysten med dei mørkhuda». Namnet Zanzibar har same opphav.

I mai 2011 vart byen overteken av islamistiske militante som ein del av Jemen-opprøret i 2011.[5][6] Den 12. juni 2012 vart dei militante drivne ut av byen av den jemenittiske hæren.[7] Same dag vart òg nabobyen Jaʿār, 15 kilometer mot nord, òg teken attende av hæren.[8]

Soldatar som støtta houthiane tok kontroll over Zinjibar seint i mars 2015, og dreiv ut soldatar som var lojale til president Abd Rabbuh Mansur Hadi. Byen vart eit mål for luftåtaka til den multinasjonale koalisjonen i Jemen på vegner av Hadi.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hämäläinen, Pertti (1999) Yemen Lonely Planet, Melbourne, Victoria, Australia, page 195, ISBN 0-86442-603-8
  2. Hämäläinen, Pertti (1999) Yemen Lonely Planet, Melbourne, Victoria, Australia, page 230, ISBN 0-86442-603-8
  3. Dresch, Paul (2000) A history of modern Yemen Cambridge University Press, New York, page 121, ISBN 0-521-79092-1
  4. Lane, A. and Serjeant, R. B. (1948) «Pottery and glass frag- ments from the Aden littoral, with historical notes» Journal of the Royal Asiatic Society 1948: pp. 108–133
  5. Arrabyee, Nasser; Kasinoff, Laura (May 29, 2011). «islamists seize a Yemeni city, stoking fears» New York Times; archived here by WebCite
  6. Lappin, Yaakov (30. mai 2011) «Analysis: Al-Qaida exploiting failed states for sovereignty» Jerusalem Post; archived here by WebCite
  7. http://www.aljazeera.com/news/middleeast/2012/06/201261271339613508.html
  8. http://www.nytimes.com/reuters/2012/06/12/world/middleeast/12reuters-yemen-jaar.html?_r=1&ref=global-home
  9. «Diplomats and U.N. staff flee Jemen as houthiar target Aden». Reuters UK. http://uk.reuters.com/article/2015/03/29/uk-yemen-security-idUKKBN0ML0YM20150329. Henta 30. mai 2016.