Zlatko Dedič

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zlatko Dedič
SC Wiener Neustadt vs. FC Wacker Innsbruck 2018-05-21 (031).jpg
Personleg informasjon
Fødd 5. oktober 1984 (34 år)
Fødestad Bihać i Jugoslavia
Høgd 182 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Dynamo Dresden
Nummer 22
Ungdomsklubbar
-2000 Flag of Slovenia.svg Koper
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2000-01
2001-06
2004-05
2006
2007-09
2008
2009-
2011-
Flag of Slovenia.svg Koper
Italia Parma
Italia Empoli (lån)
Italia Cremonese (lån)
Italia Frosinone
Italia Piacenza (lån)
Tyskland Bochum
Tyskland D. Dresden (lån)
3 (0)
16 (0)
10 (0)
17 (5)
63 (13)
22 (10)
49 (8)
0 (0)
Landslag
-2006
2004-
Flag of Slovenia.svg Slovenia U21
Flag of Slovenia.svg Slovenia
-
37 (6)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. august 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 10. august 2011

Zlatko Dedič (fødd 5. oktober 1984 i Bihać i Bosnia-Hercegovina) er ein slovensk fotballspelar som hausten 2011 spela i angrep for det tyske laget Dynamo Dresden i 2. Bundesliga, på lån frå Bochum i 1. Bundesliga, og for det slovenske landslaget.

Dedič voks opp nær Koper i Slovenia. Han drog til Parma i Italia i 2000, men slo aldri gjennom i Serie A. I staden spelte han på lån i fleire Serie B-klubbar, og frå 2007 permanent for Serie B-klubben Frosinone. Sommaren 2009 gjekk han til Bochum i tysk Bundesliga. Han skåra fem mål i den første sesongen sin der, då klubben rykte ned i 2. Bundesliga.

Dedič debuterte for Slovenia sitt A-landslag 28. mars 2008 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Tsjekkia. Han skåra vinnarmålet i den avgjerande playoff-kampen mot Russland, som sikra deltaking i fotball-VM i 2010 for Slovenia.