Boštjan Cesar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boštjan Cesar
Personleg informasjon
Fødd 9. juli 1982
Fødestad Ljubljana
Høgd 196 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Grenoble Foot 38
Nummer 12
Ungdomsklubbar
  Olimpija
  Dinamo Zagreb
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2000–2005 Dinamo Zagreb 56 (3)
2001 Croatia Sesvete (lån) 8 (0)
2005 Olimpija (lån) 9 (0)
2005–2009 Marseille 24 (0)
2007–2008 WBA (lån) 20 (1)
2009–2010 Grenoble 40 (1)
Landslag
1997 Slovenia U15 (0)
1998 Slovenia U16 (0)
2000–2001 Slovenia U20 3 (0)
2001–2003 Slovenia U21 15 (1)
2003– Slovenia 98 (10)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 27. april 2017
‡ Landslagsmål oppdatert 4. september 2017

Boštjan Cesar (fødd 9. juli 1982 i Ljubljana i Slovenia) er ein slovensk fotballspelar som spelar i forsvar for Grenoble Foot 38 i Ligue 1 i Frankrike, og for det slovenske landslaget.

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Cesar skreiv under ein treårskontrakt med Olympique de Marseille i 2005. I august 2007 gjekk han på lån for heile sesongen til West Bromwich Albion i nest høgste divisjon i England, med opsjon for ein permanent overgang.[1] Han skåra det einaste målet sitt for West Bromwich 2. februar 2008 i ein 2-1-siger over Burnley.[2] Han fekk 20 ligakampar i ein sesong då West Bromwich vann opprykk til Premier League, men manageren valde å ikkje gi han permanent kontrakt.[3] I januar 2009 skreiv han under toårskontrakt med den franske Ligue 1-klubben Grenoble Foot 38. Han skåra det første målet sitt for klubben i den andre kampen sin, mot Girondins de Bordeaux.

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha spelt 15 U21-landskampar for Slovenia, fekk han den første A-landslagskampen sin i 2003. Han skåra det første landslagsmålet sitt i ein VM-kvalifiseringskamp heime mot Italia 9. oktober 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Baggies sign Marseille defender». BBC Sport. 2. august 2007. Henta 7. august 2007. 
  2. «WBA vs Burnley». West Bromwich Albion F.C. 2. februar 2008. Henta 23. februar 2008. 
  3. «Boss won't pursue Cesar deal». West Bromwich Albion F.C. 28. mai 2008. Henta 28. mai 2008. [daud lenkje]