Samir Handanovič

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Samir Handanovič
Samir Handanovic (Udinese) - cropped.jpg
Fullt namn Samir Handanovič
Fødd 14. juli 1984
Ljubljana i Jugoslavia
Høgd 194 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Spelar for Udinese
Draktnummer 22
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2003-04
2004-
2008
2006
2006-07
Flag of Slovenia.svg Domžale
Italia Udinese
Italia Treviso
Italia Lazio
Italia Rimini
7 (0)
98 (0)
3 (0)
1 (0)
39 (0)
Landslag**
2004-
2006-
Flag of Slovenia.svg Slovenia U21
Flag of Slovenia.svg Slovenia
7 (0)
38 (0)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 3. mars 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 3. mars 2010.

Samir Handanovič (fødd 14. juli 1984) er ein slovensk fotballspelar som spelar keeper for Udinese i Italia, og for det slovenske landslaget.

Handanovič vart fødd i Ljubljana og begynte karrieren sin i Domžale. Han fekk kontrakt med Udinese sommaren 2004. Sommaren 2005 var han på lån til Treviso og seinare same sesongen til Lazio. Sesongen 2006-2007 var han på lån til Rimini i Serie B. Sommaren 2007 kom han attende til Udinese, der han skreiv under på ein ny og forbetra kontrakt, som varer til 30. juni 2012. Den same sesongen vart han førsteval som keeper for Udinese, og også for det slovenske landslaget.

Søskenbarnet hans, Jasmin Handanovič er også ein fotballkeeper med landskampar for Slovenia.

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk og slovensk wikipedia 8. mars 2010.