Ploiditet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diploid)
Haploide celler har eitt sett kromosom (n), medan diploide celler har kromosompar (2n).

Ploiditet er talet på kromosomsett som trengst for å danne ei ny komplett celle. Talet på kromosomsett hos eit individ blir kalla det monoploide talet (x). Cellene sin ploiditet kan også variere i ei organisme. Hos menneska er dei fleste cellene diploide (inneheld to kromosomsett, eit frå kvar av foreldra) medan kjønnscellene (spermiar og eggceller) er haploide.

Euploiditet er namnet på det kromosomantalet per celle i ein art. Kromosomtalet i ei normal menneskecelle er 46.

Haploiditet[endre | endre wikiteksten]

Haploid kjem frå gresk haploos som betyr 'enkel'. Ei haploid celle har eit sett kromosom. Ordet haploid blir brukt om kjønnscellene hos artar som har seksuell forplanting. Slike organismer vekslar mellom ein tilstand med eit enkelt kromosomsett (haploid) og dobbelt kromosomsett (diploid).

Menneska sine kjønnsceller (gamet) er haploide. Dei andre cellene i kroppen er diploide. Grunnen til at kjønnscellene er haploide er at det trengst ei kjønnscelle frå kvar av foreldra for å skape eit nytt individ.

Diploiditet[endre | endre wikiteksten]

Diploid (av gresk diploos, 'dobbel'), eit individ som har dobbelt sett med kromosom.

Mennesket er diploid ettersom menneska har 46 kromosom der 23 kjem frå mor og 23 frå far, og der desse kromosoma alltid er i par i cellene i menneskekroppen.

Polyploiditet[endre | endre wikiteksten]

Polyploidi blir det kalla når celler og organismer har meir enn to einsarta sett med kromosom. Polyploide former har namn etter talet på kromosomsett i cellekjerna: triploide (tre sett; 3x) tetraploide (fire sett; 4x), pentaploide (fem sett; 5x), hexaploide (seks sett; 6x) osv.

I somme tilfelle er ikkje alle kromosom dobbelte, og denne tilstanden blir kalla aneuploidi. Hos normale, dvs. diploide, organismer kan det skje spontane avvik, som ofte kjem av hemma celledeling.

I planteriket er den ikkje uvanleg med polyploiditet, men dette førekjem nesten aldri hos dyr. Vanlege nyttevekstar som kaffi, bomull, potet og tobakk er tetraploide, dvs. at dei har fire komplette kromosomsett i cellene.

Polyploidi førekjem hos amfibiar i samband med partenogenese (jomfrufødsel).

Dersom kromosoma kjem frå ulike foreldre, blir dette kalla allopolyploidi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.