Fridom
Utsjånad
Fridom er ein tilstand der ein kan ta avgjerder etter eigen fri vilje. Fridom kan til dømes omfatta at ein er fri til å tru, tenka, seia eller gjera noko, og at ein kan velja kven ein vil vera saman med og kvar ein vil vera. Ein kan snakka om fridom i høve til eit individ, ei gruppe eller ein stat. Når fridom er sterkt avgrensa snakkar me om undertrykking eller slaveri.