Fri vilje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arv, miljø – og fri vilje?

Fri vilje er ein filosofisk doktrine som omhandlar spørsmålet om dei vala vi gjer som menneske vert gjort ut frå oss sjølve eller ikkje. Det er eit viktig område også innan naturvitskap og sosiologi.

Definisjon av fri vilje[endre | endre wikiteksten]

Aristoteles på eit romersk veggmåleri.

Det er gjort ei rekke fortolkingar av fri vilje då denne utsegna er uklår. Aristoteles sette opp si definering av fri vilje og samanhengen med ansvarsproblemet i denne setninga: «Om ikkje viljen er fri, kan ikkje eit menneske gjerast ansvarleg for handlingane sine.» Han sette opp fylgjande krav til at ei handling skal vere friviljug:

  • Motivet for handlinga skal liggja hjå den som handlar og ikkje utanfor for han.
  • Den som handlar må vere medviten om det målet han handlar mot.

Men ei handling er likevel ikkje fri dersom den som handlar

  • ikkje kunne vilja annleis enn det han faktisk ville.
  • ikkje kunne ha anna kunnskap om målet enn det han faktisk hadde.

Fleire logiske tankar har vorte presentert omkring fri vilje:

  • Er verda deterministisk?
  • Kva er samanhengen mellom moralsk ansvar og fri vilje?
  • Kompabilitetsteoriar og prinsippet om å kunne ha handla annleis.
  • Vitskapen om fri vilje.
  • Teologiske tankar om fri vilje.

Determinisme[endre | endre wikiteksten]

Determinisme er ei lære som seier at alle hendingar er ei naudsynleg konsekvens (= er determinert) av tidlegare hendingar.

Einskilde meiner at determinismen er ein føresetnad for vitskapeleg arbeid, men determinismen er eit metafysisk, ikkje vitskapleg, 'problem.' Determinismen seier at universet har orden og at det finst mønster som vitskapen skal finna.

Det er ikkje uvanleg å meine at det er ei motsetnad mellom determinisme og fri vilje. Det er likevel høve til å definere fridom som evna til å få i stand det ein har bestemt seg for. Ein vil då nytta deterministiske årsakssamanhengar til å utføre det ein har bestemt seg for. Om fridom vert definert som evna til å bestemme kva vi skal bestemme, er det ein klår motsetnad mellom fri vilje og determinisme.

Sjølv om ein har eit deterministisk syn på verda, treng ein ikkje bli reduksjonist. Den britiske vitskapsskribenten Richard Dawkins gjev eit eksempel på reduksjonisme som at organismen kan skildrast ut frå DNA, DNA ut frå atom og atom ut i frå kvanteteori; men ein treng ikkje bruka kvanteteori for å forklara handlingane til eit dyr dersom ein kan forklara det godt nok på eit høgare nivå.

Kvantemekanikk og determinisme[endre | endre wikiteksten]

Innanfor vitskapen meiner dei fleste at kvantemekanikken viser at verda ikkje er deterministisk. Dette har likevel særs lite å seie for drøftinga over, då sannsyna på eit molekylært nivå har oppheva kvarandre slik at ein på det nivået kor tankar blir danna, har determinisme.

Sjølv om det hadde vore spor av slump frå kvantemekanikken, ville ikkje det tyde at ein hadde fri vilje, berre at denne var underlagt slump og ikkje var høve til å føreseie fram i tid.

Vitskapeleg determinisme[endre | endre wikiteksten]

Vitskapeleg determinisme er av Stephen Hawking ( i boka A Brief History of Time ) definert som at «...noko som vil hende i framtida, kan verta føresagt.» Han meiner vidare at det kan vera rom for determinisme også innan kvantemekanikken:

«These quantum theories are deterministic in the sense that they give laws for the evolution of the wave with time. Thus if one knows the wave at one time, one can calculate it at any other time. The unpredictable, random element comes in only when we try to interpret the wave in terms of the positions and velocities of particles. But maybe this is our mistake: maybe there are no positions and velocities, but only waves. It is just that we try to fit the waves to our preconceived ideas of positions and velocities. The resulting mismatch is the cause of the apparent unpredictability.» (konklusjon i A Brief History Of Time av Hawking)

Kompabilitetsteoriar[endre | endre wikiteksten]

Kompabilitetsteoriar går ut på at determinisme er irrelevant for fri vilje. Dei godtek at verda er deterministisk, men seier likevel at vår vilje er fri. Ein kompatibilist vil seie at fri vilje er like sant som at nevrofysiologisk determinisme kan vere sant. Dei er kompatible.

Fridomen kompatibilistar hevder vi har, kan kanskje best skildrast som autonomi: årsaka til at vi vel som vi gjer ligg i oss sjølve. Det er våre meiningar, og vårt miljø, som gjer at vi vel det vi gjer. Det at vala skjer i meg som person er nok til å definere dei som frie. Ein kompatibilist vil ikkje prøve å nekte for at uansett kva val du gjer, vil det ha vore forutbestemt sidan tida byrja, men dei vil argumentere for at valet som du gjer er eit døme på fri vilje sidan ingen tvingar deg.

Et anna løysingsforsøk kan også nemnast. Den føreset også den absolutte determinisme, men seier at mennesket sin fridom består i hans eller hennar evne til å innsjå den lovmessige og naudsynlega årsakssamanheng i alle ting: fri blir ein når ein innser at alle ting skjer i samsvar med evige lover, og at kjensla av ufridom kjem av illusjonen om at ein sjølv kan vera lovgivar. Representanten for dette syn er Spinoza.

Indeterminisme[endre | endre wikiteksten]

Andre filosofar har hevda at ein absolutt determinisme ikkje gjev noko høve for fridom, og har definert den frie viljen som ein ikkje-årsaksdeterminert vilje (indeterminisme). Til dømes Kant meiner at fridom er den autonome evna fornufta har til å gje lover for seg sjølv. Mange kallar ein slik indeterministisk sisteinstans for «sjel».

Andre meiner at indeterminisme vil føre til ei verd med kaos: Dersom verda har spor av inderterminisme, er det ikkje mogeleg å finna årsakssamanhengar, av di det ikkje finst nokon, hevdar dei.

Relativ indeterminisme[endre | endre wikiteksten]

Den dominerande retninga innanfor indeterminisme er relativ indeterminisme. Dei som trur på dette trur at mennesket har fri vilje, men at arv og miljø set ei ramme rundt viljesfridomen. Påverknaden utanfrå er som ein skugge ein ikkje kan flykta frå. Dette er også generelt det klart vanlegaste synet på viljefridommen, og både lover og samfunnsliv elles bygger på det.

Teologiske tankar om fri vilje[endre | endre wikiteksten]

Teologiske doktrinar om ein gud som ser alt, veit alt og styrer alt, blir ofte karakterisert som å vere i konflikt med tesen om fri vilje. Dette har Aristoteles illustrert i problemet om sjøslaget:

Dersom det kjem eit sjøslag, så var det sant i går at det kom til å koma eit. Da vil det vere ei følgje at sjøslaget vil skje. Dersom det ikkje kjem, vil det med same argumentasjon, vere ei følgje at det ikkje vil skje. Det tyder at kva som enn vil henda, så er det fullstendig bestemt av gårsdagens sanning.

Kristendom[endre | endre wikiteksten]

Ein allvitande gud er for mange ei motsetnad til fri vilje. Men innan kristendomen er det generelt lagt stor vekt på at mennesket er gitt fri vilje, og at det er menneskets val gjennom livet som skal vere grunnlag for frelse og skjebnen i livet etter døden.

Augustin[endre | endre wikiteksten]

Augustin sa at mennesket var gjeve fri vilje av Gud. «Mennesket er skapt med fri vilje, difor synda ho, og difor var det behov for inkarnasjonen, kor Gud gjennom Jesus tar på seg den skulda mennesket sjølv ikkje kan sona.» Viss vi ikkje var fri kunne vi jo ikkje valt oss vekk frå Gud og falla for foranderlege gode (lyster)!

Thomas Aquinas[endre | endre wikiteksten]

Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Thomas Aquinas hevda at mennesket har fri vilje fordi det har intellekt. I Summa Theologiae 1a, 19.1, corp. tar han opp spørsmålet om Gud har vilje, og skriv: «Liksom Gud har intellekt, har han også vilje: for viljen fylgjer intellektet ... Vesen som er utstyrt med intellekt, har også ein naturleg dragnad mot gode som vert erkjent i kraft av goda sine intelligible former: når dei har desse goda, stillast uroa deira; når dei ikkje har dei, strevar ein etter dei. Og begge desse fenomen skuldast viljen. Alle som har intellekt, har difor også vilje, liksom alle med sansar har sanselege behov og streben.»

Aquinas kallar viljen for appetitus rationalis, den «fornuftsbestemte streveevna.» Liksom instinktet — appetitus sensitivius, den «sanselege streveevna» — trår etter det ein erkjenner gjennom sansing, trår viljen — den fornuftsbestemte streveevna — etter det ein erkjenner gjennom intellektet.

Moralsk ansvar og fri vilje[endre | endre wikiteksten]

Generelt meiner dei fleste at folk er moralsk ansvarlege for sine handlingar. Vidare meiner mange at moralsk ansvar krev fri vilje. Dette er også avspegla i jussen.

Det må også nemnast at ut i frå eit utilitaristisk synspunkt treng ikkje ein forbrytar vere moralsk ansvarleg for å kunne bli straffa, alt som vert kravd er at det er større nytte av å straffa han enn å la vere.

Aktualitet[endre | endre wikiteksten]

Mange tviler i dag på om det i det heile finst ei definitiv løysing på viljesfridomsproblemet; andre meiner at problemet ikkje kan stillast så klart at ein kan sjå hva slags løysing som ville gje svar på det. I alle fall er problemet like levande i vår tids filosofi som i tidlegare tider.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]