Rav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ravklump med innkapsla bille.
Ravklump med innkapsla bille
Ravkjede.
Sjå og Kveiterav

Rav er eit materiale danna gjennom forsteining av kvae. Materialet er som regel gul- eller oransjefarga, men det finst også blå rav. Rav kan vera gjennomskinneleg og i nokre tilfelle gjennomsiktig. Rav har vore verdsett for venleiken sin sidan steinalderen, og har vore brukt som smykkestein og til fleire andre typar pynt.

Danning[endre | endre wikiteksten]

Rav blir danna gjennom at kvaa ligg i havet i minst 30–50 millionar år. Etter denne lange tida utan oksygen, og under trykk, forandrer plantesafta seg, oljeinnhaldet minkar, og det blir danna rav. Ei overgangsform mellom kvae og rav som er meir porøs, blir kalla «kopal».

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Materialet har vore brukt i Skandinavia sidan steinalderen, særleg til smykker og spelebrikker. I bronsealderen var rav etterspurt i heile Europa, men dei einaste funnstadene låg ved Vesterhavet og Austersjøen. Ein har funne bronsealderrav frå Austersjøen i Hellas, Italia og på Balkan. I Skandinavia brukte folk ravet mindre sjølv, ein sjeldan gong som handtak på ei lita syl, eller som pynt på ein bronsegjenstand. Grunnen kan vera at materialet hovudsakleg blei sett på som eit byttemiddel for å få tak i bronse. [1]

Rav kan også brennast, og gjev då frå seg ei god lukt. Det er nært i slekt med røykjelse.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Når ein gnir på rav, blir det danna statisk elektrisitet. Orda «elektron» og «elektrisitet» er avleidde frå det greske ordet for rav, ēlektron (ήλεκτρον). På islandsk er òg ordet for elektrisitet (rafmagn) avleidd av rav.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Andres J.Boyle: Solskip og stjerneguder (s. 173-4), forlaget Opphav, Fredrikstad 2008, ISBN 978-82-997845-0-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rav