Ålefamilien
Utsjånad
Ålefamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Overorden: | Elopomorpha |
Orden: | Ålefisk Anguilliformes |
Underorden: | Anguilloidei |
Familie: | Ålefamilien Anguillidae de Garsault, 1764 |
Ålefamilien (Anguillidae) er ein liten beinfiskfamilie med særs einsarta medlemmar. Han omfattar ei slekt med 15 artar, som alle er katadrome (ferskvassfisk som gyter i saltvatn), slange-liknande fisk som enklast kan skiljast ved å telja ryggvirvlar.
Dei fleste ålane heldt til i vassdrag nær vestkysten av Stillehavet, men det finst òg to artar i Atlanterhavet: Europeisk og amerikansk ål. Begge gyter i Sargassohavet.
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Fisk i ålefamilien har avlange kroppar utan skjel eller med skjela djupt nede i huda. Dei har godt utvikla brystfinnar bak gjellene, men manglar bukfinnar heilt. Halefinnen, gattfinnen og ryggfinnen heng saman.
Ålane er svakt underbitte og har mange små, skarpe tenner.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Vøllestad, Leif Asbjørn: «Ålefisker» i Norges dyr - Fiskene 1, Cappelen 1992
- FishBase
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) ålefamilien hos Artsdatabanken
- (en) ålefamilien – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) ålefamilien i Encyclopedia of Life
- (en) ålefamilien i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) ålefamilien hos Dyntaxa
- (en) ålefamilien hos Fauna Europaea
- (en) ålefamilien hos Fossilworks
- (en) ålefamilien hos ITIS
- (en) ålefamilien hos NCBI
- (en) Kategori:Anguillidae – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Anguillidae – detaljert informasjon på Wikispecies