Óðarkeftr
Utsjånad
Óðarkeftr eller Óðarkeptr var ein skald som levde omkring år 1000. Namnet er truleg eit tilnamn, og kan tyde «diktarkjeften».[1]
I Skaldatal er Óðarkeftr oppført som skald hos kong Knut den store,[2] og han må truleg ha gjort eit dikt, helst ei dråpa, til kong Knut. Etter ei opplysning i Landnåmaboka (Tordarbok) skal han òg ha gjort eit dikt om islendingen Gudleif Arason[3] (Tangbrand sin hjelpeprest).
Noko meir om livet til Óðarkeftr veit ein ikkje, og ingen av skaldeverka hans er kjende i dag.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Tilnamnet Óðarkeftr er vel i same kategori som skaldenanmnet «Halldor Skvaldre» (Halldórr skvaldri), oftast gitt tydinga: «Halldor den pratsame».
- ↑ Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
- ↑ Den Norsk-Islandske Skjaldedigtning Finnur Jonsson, side 166