μTorrent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
μTorrent

UtviklarLudvig Strigeus, Rainberry, Inc.
UtgjevarGoogle Play
Utgjeve18. september 2005
Nyaste versjon1.8.7.45548 (30. januar 2020)[1]
PlattformAndroid, macOS, Microsoft Windows, Linux
OperativsystemAndroid, Microsoft Windows, macOS, Linux
Skrevet iC++
SjangerBitTorrent klient
Lisensproprietær lisens
Nettstadhttps://www.utorrent.com/

µTorrent eller uTorrent er ein BitTorrent-klient som tilhøyrer BitTorrent-selskapet. Det har over 100 millionar brukarar,[2] og er med det det andre mest utbreidde BitTorrent programmet etter det kinesiske Xunlei, og det største utanfor Kina.[3]

Den greske bokstaven µ (mu) i namnet kjem frå SI-prefikset mikro-, noko som viser til den låge minnebruken til programmet. Namnet kan uttalast på ulike måtar. Den svenske utviklaren av programmmet, Ludvig Strigeus, skreiv i 2005, «I usually say 'you torrent' because it looks like a u», men føreslo også «microtorrent», «mytorrent» ([myː] er den svenske uttalen av bokstaven µ) og seinare «mutorrent» som alternativ.[4] På engelsk blir bokstaven uttalt /mjuː/ eller /muː/. I Hellas blir programmet ofte kalla mi-torrent, ettersom den greske uttalen av μ er [mi].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «µTorrent Downloads for Mac». μTorrent. Henta 11. september 2023. «Stable 1.8.7 Build 45548» 
  2. Spotify Reminded of uTorrent past after branding Grooveshark "pirates". TorrentFreak. November 12, 2014.
  3. «Thunder Blasts µTorrent’s Market Share Away». TorrentFreak. 4. desember 2009. Henta 16. desember 2009. 
  4. «Forum: µTorrent Namesake (post by creator "Ludde")». Ludvig Strigeus. 20. september 2005. Arkivert frå originalen den December 3, 2013. Henta 16. desember 2009.