Ánná Káisá Partapuoli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ánná Káisá Partapuoli

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1995 (29 år)
Skånland kommune
Yrke omsetjar, forfattar, slampoet
Medlem av Sámi Girječálliid Searvi
Ánná Káisá Partapuoli på Commons

Ánná Káisá Partapuoli (fødd 1995) er ein samisk forfattar og slampoet frå Skånland i Troms. Partapuoli er inspirert av den samiske kulturen i det ho skriv. Fleire av tekstane hennar er politiske og ho ønsker å løfta fram det samiske språket og spesielt sin eigen dialekt, tornesamisk, og å engasjera og inspirera andre unge samar.[1][2]

I 2019 studerte ho på lektorutdanninga i Tromsø.[1]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Partapuoli vart kåra til årets unge kunstar under den samiske festivalen Riddu Riđđu i 2018[3]

Partapuoli mottok Coop Nords kulturpris i 2018.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Ánná Káisá Partapuoli». Henta 25. september 2019. 
  2. «Talent Norge | Talentintervjuet med Ánná Káisá Partapuoli» (på norsk bokmål). Henta 25. september 2019. 
  3. «Årets Unge Kunstner 2018: Ánná Káisá Partapuoli - Stiftelsen Lásságámmi». Henta 25. september 2019. 
  4. Olsen, Lars Richard (5. desember 2018). «Anna Kaisa (24) fra Skånland vant kulturprisen og 50.000 kroner» (på norsk bokmål). Henta 25. september 2019.