Ågotsmesse
Utsjånad
Ågotsmesse eller musedagen er ein helgendag i den katolske kyrkja til minne om den heilage Agatha frå Sicilia, som vart levande brend i 251. Dagen vert feira 5. februar. Ågot er ein vernehelgen mot brann i katolske land. I norsk segner skal musene ha gnege øyrene og nasa av ho til ho lovde å halde dagen heilag. På primstavmerket var ofte ei mus eller ein kross.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Ågotsmesse» i Caplex.