Åtferdsbiologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei grein av åtferdsbiologien tek for seg korleis dyr utviklar sosiale tilhøve til kvarandre. Her har ein elgkalv vorte prega av dyrepassaren sin og fått utvikla eit slags foreldre/born-tilhøve.

Åtferdsbiologi eller etologi (etter gresk ήθος ethos=«skikk» og λόγος logos=kunnskap) er ei grein av zoologien, og dreier seg om studiet av åtferda til dyr.

Sjølv om mange zoologar gjennom tidene har studert og skildra korleis dyra rundt dei har oppført seg, var det først i 1920-åra at etologien som moderne vitskap såg dagens lys, med arbeidet til hollenderen Niko Tinbergen og austerrikaren Konrad Lorenz. Etologien er knytt til nevrofysiologi, økologi og evolusjonsbiologi.

Åtferdsbiologisk forsking finn stad både i felt og på laboratorium.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]