Éomer Eomundsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Éomer Eomundsson er ein figur frå romanen Ringdrotten av J.R.R. Tolkien. Han er første kongen av Rohan på den tredje ættelina av kongar i det landet.

Éomer vart fødd mot slutten av Tredje Heimsæva (2991), som son av Eomund av Austfold og Théodwyn, søster til kong Théoden Thengelsson. Før ringkrigen var Éomer tredje markverja i Rohan, etter kongen og kongesonen Théodred, som seinare fall under kampane ved Jarnaråvadet. Hovudeigna til Éomer var Austmarka i Rohan, slik far hans hadde hatt før han. Eomund hadde falle lenge før i kamp med inntrengjarorkar. Éomer og søstera Éowyn vart fostra ved kongens hoff i Edoras.

Éomer var rekna som djerv og elska av husfolket sitt, og svært kongetru. Då krigen nærma seg, la han opp eigne råd mot rådmannen Gríma Ormtunge, som la kongens vilje under Sarumanns. Slik tok han sjølv med seg mannskap for å tyne eit følgje av orkar som var i Sarumanns teneste. Under dette oppdraget møtte han og vart ven med Aragorn II, og hjelpte han med hestar, slik at Aragorn, alven Legolas og dvergen Gimle nådde Fangorn i tide. For dette vart han sidan sett inn då han kom att til Edoras der kongen sat. Gandalv og følgjet hans (Aragorn, Legolas og Gimle), sytte for at han vart sett fri, og han tok del i Slaget ved Hornborga, og sidan i Slaget på Pelennor. Her fall Théoden, og Éomer vart hylla som den attande kongen av Rohan. Mot slutten av Ringkrigen stod han med ein sveit ryttarar i det siste åtaket på Mordor før Sauron vart kasta ned.

Som konge svor han omatt Eorlseiden, og han kjempa ofte side om side med kong Elessar av Gondor. Éomer tok Lothiriel av Dol Amroth til dronning, og sonen deira var Elfwine den fagre som vart konge etter han. Han døydde i Fjerde Heimsæva år 63.