Mordor
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mordor er eit oppdikta område i fleire verk av forfattaren J.R.R. Tolkien. Mellom anna er Mordor kjend frå romanverket The Lord of the Rings (Ringenes herre). Mordor er eit område i Middle-earth (omsett til norsk som Midgard).
Mordor er landet der den vonde herskaren Sauron held til. Det er òg dit ein må dra for å øydeleggja den farlege ringen hans.