Île à Vache

Koordinatar: 18°04′N 73°45′W / 18.067°N 73.750°W / 18.067; -73.750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Île à Vache
Île à Vache utanfor sørkysten av Haiti
Île à Vache utanfor sørkysten av Haiti
Geografi
Stad Karibia
Koordinatar 18°04′N 73°45′W / 18.067°N 73.750°W / 18.067; -73.750

Areal 52 km²
Lengd 13 km
Breidd 3,2 km

Administrasjon
Land  Haiti
Departement Sud

Demografi
Folketal 15 000
Folketettleik 288,5 /km²

Île à Vache (av fransk île, «øy», og vache, «ku», også kalla Île-à-Vaches) er ei øy som høyrer til Haiti og er 52 km² stor. Ho hadde i 2004 rundt 15 000 innbyggjarar. Ho ligg utanfor sørkysten ved byen Les CayesTiburonhalvøya, og er administrativt del av departementet Sud.

Vestsida av øya er bakkete, med 150 meter som høgaste punkt. Austsida har sumpar, og der finn ein den største mangroveskogen i Haiti, og ei lagune som er danna og verna av eit korallrev. Det opphavlege indianske namnet på øya var «Abaca».[1]

Buccanaren Henry Morgan hadde i 1668 øya som base for angrep mot spanske skip. Ein annan sjørøvar som opererte frå øya var Laurent de Graff.

Under den USA-amerikanske borgarkrigen tilbaud eigaren av øya, Bernard Kock, amerikanarane å la frigjevne slavar busetje seg der. Framlegget førte ikkje fram, trass i tilslutnad frå president Abraham Lincoln.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]