Øvre Egypt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Nedre og Øvre Egypt.

Øvre Egypt (arabisk صعيد مصر Sa'id Misr) er ei smal landstripe som strekkjer seg frå kateraktgrensene i dagens Aswan til området mellom El-Aiyat og Zawyet Dahshur, sør for deagens Kairo. Den nordlege delen av Øvre Egypt, mellom El-Aiyat og Asyut vert stundom kalla Midtre Egypt. Dagens innbyggjarar i Øvre Egypt vert kalla sa'idiar og snakkar generelt aa'idi-arabisk.

Øvre Egypt vart kalla Ta Shemau[1] som tyder «siv-landet».[2] Det vart delt inn i 22 distrikt kalla nomer.[3] Den første nomen låg om lag der Aswan i dag ligg, og den 22. var dagens Atfih (Afroditopolis), like sør for Kairo.

Den største byen i det førdynastiske Øvre Egypt var Nekhen (gresk Hierakonpolis),[4] som hadde gribbegudinna Nekhbet som vernar.[5] I faraotida i Egypt var stort sett Theben det administrative senteret i Øvre Egypt. Etter at byen vart øydelagd av assyrarane vart området mindre viktig. Under Ptolemaios tok byen Ptolemais over rolla som hovudstaden i Øvre Egypt.[6] Øvre Egypt var representert ved den høge kvite krona Hedjet og symbolet til området var ein blømande lotus.

I dagens Egypt vart tittelen prins av Sa'id (som tyder prins av Øvre Egypt) nytta om tronarvingen til den egyptiske trona. Sjølv om det egyptiske monarkiet vart avskaffa i 1953, vert tittelen framleis nytta av Muhammad Ali av Said.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ermann & Grapow, op.cit. Wb 5, 227.4-14
  2. Ermann & Grapow, op.cit. Wb 4, 477.9-11
  3. The Encyclopedia Americana, s.34
  4. Bard, op. cit., s.371
  5. David, op.cit., s.149
  6. Chauveau, op.cit., s.68