Øvrevoll Galoppbane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Øvrevoll Galoppbane er den einaste galoppbanen i Noreg og ligg på Jar i Bærum. Banen består av ein grasbane på om lag 2000 meter i omkrets og ein sandbane (dirt track) på 1375 meter i omkrets. I tillegg til vanlege løp blir det også halde hekkeløp.

Øvrevoll Galoppbane vart opna 26. juni 1932 med Kong Haakon VII og Dronning Maud til stades. Det mest prestisjefylte løpet som vert arrangert i løpet av året er Norsk Derby. I tillegg vert Norsk Grand National halde her.

Adressa er Vollsveien 132, 1358 Jar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]