15. ab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

15. av (hebr. ט"ו באב, tu beáb) er den femtande dagen i ab, den femte månaden av det jødiske året etter den religiøse jødiske kalenderen. (I den sivile jødiske kalenderen i rabbanittisk jødedom er denne dagen den femtande dagen i den ellevte månaden.) Datoen blir, som alle datoar i det jødiske året, rekna frå føregåande solnedgang til solnedgang ved utgangen av sjølve dagen.

Dagen er rekna som ei mindre jødisk høgtid. Han blir markert ved at ein utelet angrebøna tachanun frå morgon- og føremiddagsbønene. Han blir også rekna som ein lukkebringande dag å gifta seg på.

I tida då det andre Tempelet i Jerusalem stod var derimot tu beáb ei viktig gledeshøgtid. Ein feira vedoffer til tempelet. Talmud fortel også at ugifte jenter kledde seg i enkle kvite klede og song og dansa i landområda rundt Jerusalem denne dagen.

[endre] Kjelder

Ab

<< førre månad << | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 | 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 | 27 | 28 | 29 | 30 | >> neste månad >>

nisán | ijjár | siván | tammúz | ab | elúl | tisjré | hesjván | kislév | tebét | sjebát | (adár I) | adár (II) )

Spire Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk