Månad
|
|
|
|---|---|
| januar · februar · mars · april · mai · juni · juli · august · september · oktober · november · desember |
Ein månad er ei tidseining mellom veke og år. I dei fleste kalendersystema varer ein månad om lag så lenge som ein månesyklus — derav namnet.
Innhaldsliste |
Månadstypar [endre]
Observasjonsbasert astronomisk månad [endre]
I samaritansk religion, karaisme og islam blir kvar månad primært rekna frå første dag av observert nymåne.
Justert astronomisk månad [endre]
I vanleg (rabbanittisk) jødedom følgjer månadene månefasen, men med mindre justeringar for å unngå uheldige kombinasjonar av sjabbát og heilagdagar. Månadslengda er 29 eller 30 dagar. Kalenderen er utrekna på grunnlag av astronomiske data.
Standardisert solår-basert lunær månad [endre]
I dei julianske og gregorianske kalendrane er månadene ikkje direkte grunna på månefasar, men på ei fast inndeling av solåret i tolv om lag jamnlange månader som kvar varar i 28 til 31 dagar.
Ikkje-lunære månadssystem [endre]
Bahá'í-kalenderen deler året inn i 19 månader som kvar inneheld 19 dagar, med fire til fem skotdagar på slutten av kvart år.
Sjå òg [endre]
- Bahá'í-kalenderen
- Den gregorianske kalenderen
- Den julianske kalenderen
- Det muslimske året
- Det jødiske året
| Måleiningar for tid | |
|---|---|
| mikrosekund << millisekund << sekund << minutt << kvarter << time << dag << døgn<< veke << månad << kvartal << år << tiår | |