9-ball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Korrekt oppsett av kulene før start

9-ball (eller niarball) er ein variant av biljard, med historiske røter i USA heilt tilbake til 1920-talet. Spelet kan spelast av eit kva som helst tal spelarar, sjølv om det mest vanlege er at to personar speler mot kvarandre.

Niarball har blitt den mest vanlege biljardforma i konkurransesamanheng.

Spelet[endre | endre wikiteksten]

Det blir spelt på eit vanleg biljardbord med seks lommer, og med ti kuler. Køballen, som vanlegvis er kvit, vert slått mot éin eller fleire av dei ni andre kulene. Dei andre kulene er nummererte frå éin til ni. Målet med spelet er å putte niarballen på ein måte som er lovleg etter reglane.

Dei fleste reglane er like på både profesjonelt og amatørnivå.

I niarball må spelaren alltid treffe kula med det lågaste nummeret med køballen, før køballen treffer eventuelle andre kuler. Dette betyr ikkje at kulene må puttast i denne rekkjefølgja; ein kan putte alle kuler så lenge køballen treffer kula med lågast nummer først. Ettersom niarball ikkje er eit meldespel, kan ein òg putte niarballen på denne måten, og dermed vinne spelet. Ein spelar vinn òg dersom han puttar niarballen når han bryt i det første støtet.

Spelarane vekslar på å spele, og beheld turen dersom ein puttar ei kule. Dersom ein bommar, gjer ein feil eller vinn, blir det nestemann sin tur. Dersom ein gjer ein feil får motstandaren leggje køballen kvar som helst på biljardbordet før turen sin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]