Achewood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Achewood er ein teikneserie som vert skriven og teikna av amerikanaren Chris Onstad. Serien handlar om ei gruppe antropomorfe leikedyr, robotar og kjæledyr som lever i eller kring det som vert framstilt som huset åt forfattaren på den fiktive adressa 62 Achewood Court. Dei fleste hendingane utspelar seg i eller kring huset, i den fiktive forstaden Achewood, som ber mange likskapstrekk med Palo Alto i den amerikanske delstaten California.

Humoren i stripene vert karakterisert som absurd, og manglar ofte eit «poeng» i tradisjonell forstand.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste stripa vart publisert på nettstaden [1] den 1. oktober 2001. Serien fylgjer ikkje noko strengt sleppskjema, men det kjem som oftast fire nye striper i veka[2] Arkivert 2008-04-04 ved Wayback Machine.. Karakteristisk for teikneserien er det at han fylgjer såkalla «løkker», slik at det oftast er eit undersett av figurar og karakterar og ei spesiell historie som er i fokus, sjølv om det òg finst lausrivne, avslutta striper.

Serien har vorte høgt rosa av mange, og har til dømes vore emne for artiklar i TIME Magazine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]