Aids-dagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den raude sløyfa er det globale symbolet for solidaritet med hiv-positive og dei som lever med aids.

Aids-dagen, den 1. desember kvart år, er avsett for å retta merksemd om aidspandemi frå spreiing av HIV-infeksjon. Aids har drepe meir enn 25 millionar menneske, med estimert 38.6 millionar menneske som lever med hiv. Den er dermed ein av dei mest destruktive epidemiane i historia. På trass av nyare, forbetra og meir utbreidd behandling i mange regionar i verda, har aids-epidemien tatt om lag 3.1 millionar (mellom 2.8 og 3.6 millionar) menneskeliv i 2005. Meir enn ein halv million (570000) av desse var barn.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.