Al Gore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Al Gore

Albert Arnold Gore jr. (fødd 31. mars 1948) i Washington, DC) er ein amerikansk politikar, lærar, forretningsmann og miljøaktivist. Gore var den 45. visepresidenten i USA, under president Bill Clinton, frå 1993 til 2001. Tidlegare var han folkevalt til Representantenes hus, og seinare senator frå Tennessee. Gore og FN sitt klimapanel fekk Nobels fredspris for 2007.

Då Gore blei valt inn i senatet i 1984 for Tennessee, blei han det første i historia til staten til å vinne fleirtal i alle valkrinsar i staten. I 1988 stilte han til val som presidentkandidat til den demokratiske nominasjonen. Han stilte som ein «new democrat», den same sentrumslinja som Bill Clinton skulle bruke med hell fire år seinare. Han gjorde det bra først og vann fleire av dei innleiande primærvala i sørstatane. Men han klarte ikkje følgje det opp på supertysdag og tapte nominasjonen til Mike Dukakis, guvernøren i Massachusetts.

Al Gore valde å ikkje stille til presidentvalet i 1992 fordi han ønskte å vere saman med sonen sin som hadde vore i ei svært alvorleg bilulykke. Bill Clinton, guvernøren frå nabostaten Arkansas, sikra seg den demokratiske nominasjonen og valde Al Gore som visepresidentkandidat. Dette var imot den rådande visdomen om at ein burde velje ein kandidat frå ein annan stad i landet med ei litt anna politisk tilnærming for å balansere dei to på valslippen. Men Clinton valde ein kandidat som i likskap med han sjølv var ung, frå sørstatane og høyrde til den sentrumsorienterte «new democrat» delen av partiet. Mange har i ettertid peika på at dette var kan ha vore lurt, sidan det enda tydelegare representerte eit nytt og ungt alternativ til den sittande president George H.W. Bush.

I 2000 var han demokratane sin kandidat i presidentvalet, men tapte for republikanarane sin kandidat George W. Bush. Resultatet i delstaten Florida var svært jamt, og etter ei omstridd oppteljing, der rutinane blei avgjort med minste margin i USA sin Høyesterett, blei Bush tilkjent sigeren i Florida. Han fekk dermed flest valmenn etter presidentvalet. Gore fekk likevel flest stemmer ved valet, og mange meiner derfor han var den moralske «vinnaren».

Al Gore er son av Albert Arnold Gore sr. (26. desember, 19075. desember, 1998), tidlegare kongressmedlem og senator frå Tennesse.

Gore har vore mykje i fokus etter valet i 2000. Spesielt etter filmen hans frå 2006, En ubehagelig sannhet (An Inconvenient Truth), og litt seinare ei bok med same namn. Mesteparten av filmen viser Gore som held eit foredrag om global oppvarming. Hovudbodskapen i foredraget, og i filmen, er at dei utsleppa av klimagassar som menneska står for har ført til ei omfattande oppvarming dei siste 50 år. Utan at utsleppa blir reduserte kraftig, vil menneskeslekta antagelig bli ramma av store naturkatastrofar. Filmen vann to Oscar-statuettar, for beste dokumentar og beste filmmusikk i 2007. Filmen er den tredje mest utbyterik dokumentaren gjennom tidene. Inntektene frå filmen går uavkorta til klimatiltak. I seinare tid har det blitt hevda at det var ni alvorlege faktafeil med i filmen, og at den presenterer partiske politiske standpunkter. [1]

Gore fekk ein del ubehageleg merksemd om bustaden sin, då det viste seg at han har eit stort og hus i Nashville, Tennessee. Dette huset skal visstnok bruke ti gonger så mykje straum som ein gjennomsnittsbustad. Fleire kritikarar meinte dette viste at Gore var ein kynisk dobbeltmoralist, som berre var ute etter å selje bøker. Gore forsvarte seg med at han og kona Tipper Gore ikkje berre bur der, men òg har kvart sitt heimekontor som òg krev straum, at straumen han kjøper er dyrare fordi han har reservert seg mot straum som ikkje er klimarein samt at han kjøper klimakvotar for å kompensere for utsleppa som følgjer av å produsere straum til bustaden [2].

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Gore, Albert. An Inconvenient Truth: The Planetary Emergency of Global Warming and What We Can Do About It. New York: Rodale Books, 2006.
  • Gore, Albert. Common Sense Government: Works Better and Costs Less. New York: Random House, 1995.
  • Gore, Albert. Earth in the Balance: Forging a. New Common Purpose. Earthscan, 1992.

Referansar og kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. www.forskning.no
  2. Buffalo News: Living large while talking green

Denne artikkelen er omsett frå artikkelen på Wikipedia på bokmål den 18.06.07

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]