Allied Command Operations

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Allied Command Operations (ACO) er ein av dei to overkommandoane i NATO sin militære kommandostruktur. Den andre er Allied Command Transformation.

Hovudkvarteret til ACO ligg i Casteau, nord for den belgiske byen Mons, og er av historiske grunnar kjent som Supreme Headquarters Allied Powers Europe (SHAPE). Øvstkommanderande for ACO har, også dette av historiske grunnar, tittelen Supreme Allied Commander Europe (SACEUR), og er også sjef for Sambandsstatane sin U.S. European Command.

Kjelda[endre | endre wikiteksten]