Belgia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Koninkrijk België
Royaume de Belgique
Königreich Belgien

(norsk: Belgia, belgisk)

Det belgiske flagget Det belgiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Brabançonne»
Motto
nederlandsk: «Eendracht maakt macht»
fransk: «L’union fait la force»
tysk: «Einigkeit gibt Stärke»
(‘Sameining gjer sterk’)
Geografisk plassering av Belgia
Offisielle språk Nederlandsk, fransk og tysk
Hovudstad Brussel (fr. Bruxelles)
Styresett
Konstitusjonelt monarki
Philippe
Elio Di Rupo
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
30 528 km² (138.)
6,2 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
10 438 353 (82.)
341,9 /km² (17.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
frå Nederland
1830
1839
Nasjonaldag 21. juli
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
396 900 mill. USD (30.)
37 900 USD (18.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +1
Telefonkode +32
Toppnivådomene .be


Kongeriket Belgia eller berre Belgia (nederlandsk: Koninkrijk België eller België, fransk: Royaume de Belgique eller Belgique, tysk: Königreich Belgien eller Belgien) er eit lite land vest i Europa. Landet grensar til Nederland, Tyskland, Luxembourg og Frankrike. I tillegg er det ei lita kystline mot Nordsjøen.

I romersk tid låg det som no er Belgia grovt rekna i den romerske provinsen Gallia Belgica. Denne plasseringa i utkanten av Romerriket, på grensa mellom det latinske og det germanske kulturområdet er framleis tydeleg i Belgia. Landet er framleis kulturelt og språkleg delt i eit latinsk fransktalande og eit germansk nederlandstalande område. Om lag 6 millionar talar flamsk (som berre i liten grad skil seg frå nederlandsk) og om lag 4 millionar talar fransk. Dei fleste flamsktalarane bur i Flandern, i nord, og dei fleste fransktalarane bur i Vallonia, i sør. Brussel er offisielt tospråkleg, men dei fleste talar fransk. Vallonsk skil seg noko frå «Brusselfransk». Det bur òg ein tysktalande minoritet i aust.

I antikken var innbyggjarane i det som no er Belgia organiserte i gallo-romanske og germanske stammar, som Julius Cæsar kalla «Belgae». Frå slutten av mellomalderen og fram til det 17. hundreåret var området eit viktig industrielt og kulturelt senter i Europa. I tidsrommet frå det 16. hundreåret fram til Belgia vart erklært som uavhengig stat i 1830 var området ofte krigsskodeplass for dei europeiske stormaktene. I det 20. hundreåret var Belgia ein med som ein av grunnleggarane i EU og NATO.

Soge[endre | endre wikiteksten]

I dei siste to tusenåra har området som i dag utgjer Belgia gått gjennom mange demografiske, politiske og kulturelle omkastingar. Den fyrste veldokumenterte historia går tilbake til den romerske invasjonen i det fyrste hundreåret før vår tidsrekning. I boka De Bello Gallico (Gallerkrigane) skreiv Julius Cæsar: «Horum omnium fortissimi sunt Belgæ» (Belgierane er dei mest verdfulle av alle). Då Frankarane stifta det merovingiske kongeriket, som i det 8. hundreåret vart til det karolingske rike, omfatta dette området som no er Belgia.

I mellomalderen var dei lågtliggande «nederlanda» splitta i mange føderale småstatar. I det 14. og 15. hundreåret kom dei fleste av desse inn under Bourgogneriket, med seinare i det 15. hundreåret fekk dei ein større grad av sjølvstende og tok til å kalla seg dei 17 provinsane.

I det 16. hundreåret auka misnøya i dei sju nordlege kalvinistiske provinsane (det noverande Nederland) med den sterkt katolske spanskekongen Philippe II. I 1579 vart det i Utrecht signert ein traktat, der sokalla utrechttraktaten(Unie van Utrecht), som proklamerte sjølvstende frå den spanske krona for dei sju nordlege provinsane.provinsane. Ynskje om separasjon frå dei spanskstyrte sørlege provinsane hadde både politiske og religiøse grunnar. Utrechunionen vert ofte sett på som tuftinga av det uavhengige Nederland. I 1581 vart utrechttraktaten avløyst av «het Plakkaat van Verlatinghe» og stifta Utrecht-unionen, som erklærte Nederland som sjølvstendig stat og offisielt avsette spanskekongen Philippe II som statsoverhovud.

Dei sytten provinsane vart med dette delte i to: «dei Sameinte Provinsane» i nord og «Sørnederland» i sør. Opphavleg var dei nederlansktalande provinsane Flandern, Brabant og Geldern med i dei sameina nordlege provinsane, men i løpet av åttiårskrigen vart om lag heile Flandern, ein stor del ab Brabant og ein liten bit av Geldern reokkuperte av Spania

Sørnederland vart administrert, stundom av dei spanske Habsburgarane og stundom frå Austerrike. Fram til opprettinga av staten Belgia i 1830, vart området fleire gong okkupert av franske styrkar og var ofte skodeplass for samanstøytar med styrkar frå «dei Sameina Provinsane» i nord og med austerrikarane. Slaget ved Peene, i 1677, førte til at ein liten snipp av Flandern vart lagt til Frankrike.

Etter den franske revolusjonen vart Sørnederlanda, etter ei folkerøysting i 1792, lagt til Frankrike. Dette gjorde slutt på dei spanske og austerrikske ambisjonane i området. Etter at keisarriket til Napoleon gjekk til grunne vart Kongeriket Nederlanda, som omfatta alle dei tre Benelux-landa skipa i 1815.

I 1830 vart staten Belgia oppretta, etter at stormaktene Frankrike og England hadde gått med på det. England pressa på for at den nye staten skulle vera eit kongedøme og det var òg langt på veg England og Frankrike som bestemte kven som skulle verta den fyrste belgiske kongen. Dei vart til slutt samde ein tyskar, hertugen av Sachsen-Coburg, som vart innsett som Leopold I av Belgia.

I 1885 vart han etterfølgd av sonen sin, Leopold II, som er mest kjend for ved hjelp av leigesoldatar ha okkupert Kongo og for den brutale måten han utbytta landet og innbyggarane på. Ein veit framleis ikkje kor mange som vart drepne i Kongo, men fleire forskarar meiner det var om lag 10 millionar. Leopold II var òg kontroversiell i Belgia og då han døydde var det ikkje alle som sørgde over han. På grunn av internasjonalt press måtte han i 1908 formelt overføra Kongo til den Belgiske staten, som stod som okkupasjonsmakt i Kongo heilt fram til 1960. Dette er eit av dei mørkaste kapitla i Belgia si historie og framleis er det i nokre krinsar tabu å tala om kva som gjekk føre seg i Kongo.

Under 2. verdskrig var Belgia okkupert av Tyskland. Etter frigjeringa i 1945 har landet hatt er rivande økonomisk utvikling. Belgia var med og stifta NATO og EU og er i dag med i Euro-samarbeidet.

På 60-talet oppstod det sterke flamske nasjonalistiske strøymingar, noko som sette samfunnsstrukturen på ei hard prøve. Det som kjenneteiknar Belgia i dag er utviklinga mot meir sjølvstyre for dei fransk- og flamsk-talande områda.

Utviklinga mot ein føderal stat[endre | endre wikiteksten]

Då Belgia vart stifta i 1831 var landet ein einheitsstat med fransk som einaste offisielle språk. Dette på trass av at dei fleste innbyggjarane tala germanske språk (aust- og vest-flamsk, brabantisk, limburgsk heilt i sør-aust-belgia og luxenburgsk, Vallonsk, picardisk, gaumaisk og champenoisk i sørbelgia). Den fyrste tida var skulevesen, rettsvesen og andre offisielle organ franskspråklege.


I 1873 vart nederlandsk rettsleg akseptert som eit andre offisielt språk i Belgia, men forvaltnings- og undervisningsspråk vart verande fransk. Då dei tysktalande områda i aust i 1919 vart lagt til Belgia, fekk innbyggjarane der halde på tysk som offisielt språk. Dermed kravde også dei flamskspråklege rettar for språket sitt, og Belgia vart offisiellt eit trespråkleg land, med fransk, nederlandsk og tysk som offisielle språk, delt etter tre geografiske soner. Denne separasjonen i ulike språkgrupper fordelte over eit lite geografiske område førte til fleire justeringar av grunnlova (1970, 1980, 1988-89 og 1993), noko som førte til at Belgia enda opp som ei føderal statsform.

Den belgiske statsforma[endre | endre wikiteksten]

Belgia er eit konstitusjonelt monarki, med eit demokratisk vald parlament. Parlamentet vert vald ved fleirtalsval og det er obligatorisk å røysta (som i Hellas og Australia).

Den belgiske regjeringa er ansvarleg ovanfor parlamentet. Belgia har mange små parti og regjeringa er som oftast ei koalisjonsregjering, sett saman av mange parti. Dette fører ofte til ei etter måten svak regjering og til at det er parlamentet som sit med den reelle makta i landet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Belgisk geografi.
Brussel, Antwerpen, Gent, Charleroi, Liège, Brugge og Namur er dei sju største byane i Belgia, alle med innbyggjarar over 100 000

Belgia har eit landareal på 30 528 kvadratkilometer, og er delt inn i tre geografiske regionar: Kystsletta i nordvest, det sentrale platået, og det høgareliggande området Ardennane i søraust. Kystsletta består hovudsakleg av sanddyner og dikelandskap. Dikelandskapet er landområde nær eller under havnivå, der ein held havet ute ved hjelp av diker, eller sletter som er drenert ved hjelp av kanalar. Det sentrale platået er eit jamnt område som sakte stig innover i landet, og har mange fruktbare dalar og er irrigert av mange vassvegar. Her finn ein òg meir kuperte område, inkludert grotter og små gjel.

Landskap i Hautes Fagnes i Ardennane

Til slutt har ein Ardennane, som er meir kupert enn resten av landet. Det er eit tett og kupert skogområde, som ikkje eignar seg så godt til jordbruk. Området strekkjer seg inn i nordlege delar av Frankrike, og inn i Tyskland, der området heiter Eifel. Det er her ein finn det meste av dyrelivet i Belgia. Det høgaste punktet i Belgia, Signal de Botrange med 694 meter, ligg òg i dette området. Belgia har relativt få naturlege innsjøar, og ingen av dei er store.

Belgia deler grenser med Frankrike (620 km), Tyskland (167 km), Luxembourg (148 km) og Nederland (450 km). Den totale landegrensa er 1 482 km, i tillegg til 73,1 km med kystlinje. Belgia er tilnærma det geografiske midtpunktet i Vest-Europa, og alle dei store hovudstadane i Vest-Europa ligg innanfor 1 000 km frå Brussel, som er hovudsetet for både EU og NATO. Frå søraust til nordvest er landet 280 km langt, og frå nordaust til sørvest 222 km.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Belgia sitt klima er prega av mjuke overgangar. Vêret i Flandern er mykje likt vêret i Nederland med kjølige vintrar og milde somrar (særleg viss ein flyttar seg til indre strøk), og alle årstider har forholdsvis ofte regn, men sjeldan særleg intenst. Sørover og inn i Vallonia vert klimaet meir kontinentalt med litt kjøligare vêr om vinteren og eit par dagar mindre med nedbør. Snø er ikkje uvanleg frå november til april. Skilnadane mellom nord og sør er likevel små. Det høgare området i Belgia, kalla Ardennane, er i snitt 2-3 °C kaldare enn resten av Belgia. Mesteparten av Ardennane, særleg Hautes Fagnes, er meir skya og får om lag 300 mm meir nedbør i året enn områda i nord og vest.

Brussel får regn om lag annankvar dag i snitt, om sommaren meir regnbyeprega og på vinteren meir i form av yr. Brussel sin nedbørsnormal er 855 mm i året. Belgia har sjeldan ekstreme temperaturforhold verken sommar eller vinter, og temperaturen i Brussel går frå om lag -17 °C om vinteren til 37 °C om sommaren i dei mest ekstreme tilfella.

Provinsar[endre | endre wikiteksten]

Belgia er delt inn i tre føderale regionar, to av regionane er vidare delt opp i fem provinsar (totalt ti provinsar)

  1. Flandern, nederlandsktalande (Vlaanderen på nederlandsk, Flandre eller Flandres på fransk, Flandern på tysk):
  2. Vallonia, fransktalande med tysk minoritet, Wallonie på fransk, Wallonien på tysk, Wallonië på nederlandsk):
  3. Hovudstadsregionen Brussel, tospråkleg fransk-nederlandsk (Brussels Hoofdstedelijk Gewest på nederlandsk, Région de Bruxelles-Capitale på fransk, Region Brüssel-Hauptstadt på tysk).

Kvar provins er delt inn i kommunar (gemeenten på nederlandsk, communes på fransk og Gemeinden på tysk ).

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Belgia ligg midt i eit av dei mest industrialiserte områda (Ruhr-London) i verda. Historisk sett var Belgia det første landet på kontinentet som gjennomførte den industrielle revolusjon, og det første landet som bygde ei jarnbane på kontinentet.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Folketettleiken på 336/km² er ein av dei høgaste i Europa etter Nederland og småstatar som Monaco.

Belgia har tre offisielle språk, nederlandsk, fransk og tysk. Meir enn halvparten av landet snakkar nederlandsk (55 %), fransk er det nest største språket (44 %). Til sist kjem tysk som vert snakka av ein liten minoritet (under 1 %).

Belgia sin hovudreligion er romersk-katolsk kristendom, 65 prosent høyrer til denne. Resten høyrer til andre religionar som lutheranisme, islam og jødedom. Religion var ein av hovudårsakene til at Belgia reiv seg laus frå det protestantiske Nederland.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Martiniello M. Swyng, Où va la Belgique?, L'Harmattan, 2000.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fransk Wikipedia

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Belgia