AltGr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
AltGr-tast på Windows-tastatur.
Eit norsk PC-tastatur, teikna i blå farge får ein ved å halda nede Alt Gr-knappen og den aktuelle knappen.

AltGr (samantrekking av Alt Gr) er tasten som ligg til høgre for mellomromstasten på vanlege tastatur. Tasten er ein modifiseringstast som kan endra funksjonen til andre tastar, ved at ein held AltGr nede samtidig som ein trykkjer den andre tasten.

Tasten vert til dømes brukt for å skriva teikn som @ (AltGr+2), $ (AltGr+4) og á (AltGr+\,a).

AltGr-tasten kan som oftast brukast i staden for Alt i tastekombinasjonar, gjerne saman med Ctrl eller Shift.