Amazon.com

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Amazon.com, Inc. (NASDAQ:AMZN) er eit IT-selskap i USA. Selskapet driv elektronisk handel over Internett, og eig Alexa Internet, a9.com og Internet Movie Database. Amazon.com blei grunnlagt av Jeff Bezos i 1995 og har hovudkvarter i Seattle i Washington. Butikken gjev alle varene sine eit ASIN-databasenummer på same måte som bøker får eit ISBN-nummer.

I november 2007 lanserte Amazon.com den elektroniske bok- og medielesaren Kindle med såkalla «elektronisk blekk».

Oppkjøp og underavdelingar[endre | endre wikiteksten]

  • I 1998 kjøpte Amazon opp filmdatabasen Internet Movie Database (IMDb). Same året handla Amazon til seg nettverkstenesta PlanetAll og databaseverktøyet Junglee.com for aksjepostar i Amazon. Dei to aksjehandlane vart då verdsett til 280 millionar USD av talsmenn for selskapet. [1] Ein del av PlanetAll sine tenester og programkode vart tatt inn i Amazon, mens PlanetAll i seg sjølv lagt ned.
  • I 1999 vart Alexela Internet, Accept.com og Exchange.com overført til Amazon gjennom ein serie av aksjeavtaler. På den tida vart aksjeavtalene verdisett til 645 millionar USD.
  • I 2003 kjøpte Amazon opp rivalen CD Now, ein annan nettbutikk.
  • I 2004 kjøpte Amazon Joyo.com, ein kinesisk netthandel. Underselskapet A9.com vart for første gong vist, eit selskap som driv med teknologiutvikling og leverer søketenester knytt til Amazon.
  • I 2005 fekk Amazon hand om Booksurge og kjøpte Mobipocket.com. og Createspace. Booksurge er eit selskap som trykker opp bøker på etterspørsel. Mobipocket er eit programvareselskap som mellom anna driv lesarar for elektroniske bøker, som eBook. CreateSpace er ein distributør som trykker opp DVDar etter førespurnad.[2] Create var tidlegare kjend som CustomFlix. Det er no ein del bøker, dvd-ar og videoar som blir seld gjennom nedlasting av dette selskapet, mellom anna ifrå det amerikanske nasjonalarkivet.[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Amazon.com buys Junglee, PlanetAll 5. august, 1998, Silicon Valley / San Jose Business Journal
  2. Amazon buys DVD-on-demand site 03.08.2007
  3. Thousands of National Archives Films to Be Made Available Through CustomFlix Labs